Hopp til innhald

Fagstoff

Velje gen på eit ufødd barn?

CRISPR og preimplantasjonsdiagnostikk gir moglegheiter for å velje gen for eit ufødd barn. Er dette vegen vi ønskjer å gå?
Genredigering ved IVF. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Genredigering av menneske

På same måte som ein kan redigere gensekvensar i plantar og dyr, er det òg mogleg hos menneske. Det enklaste er likevel å velje gen før embryoet blir sett inn i kvinna som skal bere fram barnet.

Del av DNA-streng der ein bit blir bytt ut. Illustrasjon.

Ved å kontrollere gena i den befrukta eggcella kan ein velje kjønn, og ein kan sortere bort embryo med arvelege sjukdommar. Nokre få eigenskapar blir bestemte av berre eitt enkelt genpar. Døme på slike eigenskapar er blodtype, kjønn og om du har fri eller fast øyreflipp.

Høgd, pigment i huda, intelligens og anlegg for idrett er eigenskapar som blir bestemte av fleire genpar, samspelet mellom desse og miljøet barnet veks opp i. Det er altså ikkje så enkelt å genredigere eit menneske som ein kan få inntrykk av.

Designarbaby – ein utopi?

Såkalla designarbabyar – der ein vel alt frå augefarge til høgd, interesser og intelligens – blir neppe ein realitet i nær framtid. Sjølv om ein vel bort embryo med sjukdomsgen og «feil kjønn», vil barnet som blir fødd, vere eit produkt av dei genetiske foreldra sine og det miljøet det veks opp i. Å endre lange gensekvensar med sikkert resultat er rett og slett for komplisert.

Illustrasjon av skjermbilete der ein kan velje bort eigenskapar, til dømes arvelege sjukdommar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Redigering og tilføring av heilt nye gen

Gris som lyser når han blir utsett for UV-stråling. Foto.

Sjølv om det er vanskeleg å endre på eigenskapane eit menneske får, ved å redigere gen, er det mogleg å tilføre heilt nye gen. I Kina har det sidan 2006 eksistert sjølvlysande grisar. Dette fekk ein til ved å injisere gen frå ei fluoriserande glasmanet i eit griseembryo. Resultatet er grisar som lyser når dei blir utsette for UV-stråling. Mest sannsynleg ville det same vore mogleg med menneske. Å overføre gensekvensar frå ein organisme til ein annan gir mange moglegheiter.

Tenk gjennom og diskuter!

Kva eigenskapar ville du ha overført frå dyre- og planteriket til barna dine?

Etikk set grenser for kva ein kan redigere

Å genredigere dyr og plantar er lov i mange land, men ein tillèt ikkje det same med menneske. I 2019 blei ein kinesisk forskar dømt til fengsel for å ha villeidd foreldre og styresmakter. Han hadde redigert gen i embryoa til para. Målet var å gjere babyane immune mot HIV-viruset. Kina er kjent som eit av dei mest liberale landa når det gjeld bioteknologi, men også her set etikken grenser for kva det er greitt å gjere.

Tenk gjennom og diskuter!
  • Kva fordelar kan det ha å tillate utval av gen?
  • Sjølv om ein vel og redigerer gen, er ein ikkje garantert ønskt resultat. Kva faktorar kan påverke korleis eit menneske utviklar seg?
  • Mange meiner at seleksjon av gen vil føre til eit mykje meir klassedelt samfunn. Kva kan vere grunnen til at dei fryktar dette?
  • Kan du tenkje deg ein eigenskap som vi finn hos plantar eller dyr, og som vi gjerne kunne overføre til menneske?

Eggdonasjon og mitokondriedonasjon

Kvinne peikar på skjerm som viser befrukta eggcelle. Foto.

Seint i mai 2020 vedtok Stortinget å tillate eggdonasjon for par. I andre skandinaviske land har dette vore tillate lenge. Eit av argumenta for det tidlegare forbodet var at mor skulle vere det genetiske opphavet til barnet. Det vil seie at ho skulle vere genetisk mor til barnet. For at eit par skal få barn ved hjelp av eggdonasjon i Noreg no, må faren vere den genetiske faren til barnet. Det er altså ikkje tillate med både egg- og sæddonor (dobbeltdonasjon).

Gen frå tre foreldre

I Storbritannia kan barn bli fødde med tre genetiske foreldre. I 2016 blei det tillate med mitokondriedonasjon ved prøverøyrsbefrukting. Føremålet er å hindre at barnet arvar defekte mitokondriar, eit syndrom som gir eit kort og vanskeleg liv. Mitokondriar inneheld eige DNA, så når barnet får cytoplasmaet til eggcella med mitokondriar frå ein donor, vil det altså ende opp med tre genetiske foreldre.

Tenk gjennom og diskuter!
  • Kva argument trur du blei brukte for og imot eggdonasjon til par/ ektefellar?
  • Kva kan grunnen vere til at eggdonasjon berre vil vere mogleg for par/ektefellar, mens einslege kvinner kan få assistert befrukting av eigne egg?
  • Kva meiner du om mitokondriedonasjon? Bør det bli tillate i Noreg?

Kva ønskjer vi for framtida?

Ved å kartleggje DNA kan du få informasjon om kva arvelege sjukdommar du kan få, kor sannsynleg det er at du vil utvikle bestemte lidingar, kva kosthald du bør satse på, kva treningsform som er bra for deg, og kva du kan bli god til. Denne informasjonen er høgst privat, men mange fryktar at forsikringsselskap, arbeidsgivarar og utdanningsinstitusjonar etter kvart vil be om at du deler han med dei.

Tenk gjennom og diskuter!
  • Kva fordelar kan det ha at til dømes skulen din veit kva gen du har? Ser du nokre ulemper?
  • Kva for nokre negative konsekvensar kan det få viss forsikringsselskap krev innsyn i DNA-et ditt før dei inngår avtale?
  • Kva konsekvensar kan det få viss arbeidsgivar ber deg om å leggje ved DNA-profilen din saman med CV når du søkjer jobb?
CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2020

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi