Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder argumenta om genmodifisert mat mot svolt

Det er mange argument for og imot at vi skal bruke genmodifisert mat mot svolt. Vurder kor gode argumenta er, og ta eit standpunkt.

Del 1

Eit argument er ei grunngjeving som skal støtte eller forsvare eit standpunkt.
I filmen ovanfor diskuterer ein denne påstanden:

Kan genmodifisert mat vere løysinga for å skaffe nok mat til den aukande befolkninga i verda?

Lag ei oversikt over kva for argument for dei to standpunkta du finn i filmen.

Attgjeving av diskusjonen i filmen over

Kan genmodifisert mat vere løysinga for å skaffe nok mat til den aukande befolkninga i verda?

Ja, det blir enklare og billegare å produsere mykje mat, fordi avlingane kan bli sikrare og mindre avhengige av regn, sprøyting og gjødsling. Større landområde som ikkje var dyrkbare før, kan no brukast fordi ein kan lage variantar som toler tørke og så vidare. Resultatet blir meir mat, sikrare inntekter for bøndene og mindre svolt.

Nei, kvifor skal fattige og svoltramma ete genmodifisert mat viss mange i den rike delen av verda er skeptiske? Zambia nektar å få matvare-hjelp frå USA, sjølv om befolkninga svelt. På Filippinane blei 50 personar sjuke, og mange fekk allergiske reaksjonar den første sesongen den genmodifiserte maisen spreidde pollenet sitt. Ingen veit nok om langtidseffektar av å ete genmodifisert mat. Nokon reagerer allergisk, og vi treng i det heile meir kunnskap før vi kan føle oss trygge nok til å ete GMO.

Ja, viss fattige land og område med svolt kan få gratis og spesielt tilpassa såvarer, er det ei løysing. Eit døme kan vere ris med auka næringsverdi for å minske problema med feilernæring. Slik det er no, søkk stadig fleire småbønder djupt ned i gjeld fordi dei kvart år må kjøpe nytt sterilt såkorn hos dei kommersielle selskapa. Mange bønder, til dømes i India, har teke sjølvmord når dei ikkje lenger har makta å betene låna sine.

Nei, forsking på genteknologi blir hovudsakleg driven av kommersielle selskap som skal tene pengar på produkta sine. Dei satsar på produkt til kundar som kan betale, og lagar neppe spesialtilpassa artar for område med tørke og salthaldig jord, der folk svelt og jorda er eigd av fattige bønder. I India blei bomullsdyrkarar overtalte til å kjøpe dyre genmodifiserte frø, fordi dei då ville tene meir. Men på grunn av dårleg kvalitet tente dei berre ein sjuandedel av det vanleg bomull gav i inntekt.

  1. Gå saman i par eller grupper, og sorter argumenta de har funne. Lag ein kategori for argumenta som er for, og ein for argumenta som er imot genmodifisering av plantar.
  2. Sjå på argumenta saman, og bruk sjekklista nedanfor til å vurdere om argumenta er gode eller dårlege.
Vurdering av argument

Kva skal du sjå etter?

Kva betyr det?

Korleis kan du vurdere det?

Er argumentet haldbart?

Er faktagrunnlaget riktig?


Er innhaldet i argumentet sannsynleg?

Vurder om tal og andre faktaopplysingar som argumentet byggjer på, stemmer.

Sjå også etter overdrivingar og generaliseringar som forenklar og set ting på spissen.

Der du ikkje kan sjekke reine faktum, må du vurdere om samanhengar som argumentet baserer seg på, verkar sannsynlege.

Er argumentet relevant?

Har det med saka å gjere?

Vurder om argumentet eigentleg handlar om noko anna enn saka som blir diskutert.

Vurder om samanlikningar med andre situasjonar eller saker er rimelege.

Prøver argumentet å framstille ei anna problemstilling som viktigare?

Er argumentet sterkt nok?

Finst det sterkare motargument?

Vurder kva som skal til for å motbevise argumentet.

Er det brukt mykje skjult eller indirekte argumentasjon?

Bruker argumentet kjensler for å overtyde, i staden for å basere seg på faktum?

Sjå etter pluss- og minusord. Dette er ord som gir positive eller negative assosiasjonar, og dermed påverkar oss utan at vi merkar det.

Undersøk også bruk av ironi og sarkasme.

Speler argumentet på frykt eller andre kjensler som kan få oss til å reagere sterkt?

Er det eit personangrep eller stråmannargumentasjon?

Handlar argumentet om å snakke nedsetjande om motstandaren?

Angrip argumentet synspunkt som motstandaren ikkje har?

Vurder om argumentet berre handlar om motstandaren og ikkje gir nye saksopplysingar.

Vurder om motstandaren faktisk har dei synspunkta eller eigenskapane som argumentet angrip.

Del 2

Etter å ha sortert og vurdert argumenta skal de rangere dei:

Del 3

Kva standpunkt landar du på etter å ha vurdert og rangert argumenta? Grunngi svaret ditt.

På kva måte hjelpte rangeringa deg med å lande på eitt av standpunkta i denne debatten?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2020

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi