Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk haldningar til genteknologi

Intervju personar om haldningane dei har til genteknologi. Presenter det du finn ut som ein samansett tekst. Presentasjonen skal omfatte ei oppsummering og dekkje eit tema grundig.
Elever sitter rundt pult i klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Haldningar til genteknologi

Førebu intervjua

Førebu intervjua med å lage eit utval av spørsmål som de ønskjer å få svar på. Spørsmåla skal hovudsakleg dreie seg om haldningar til genteknologi, men de kan om ønskjeleg føye til nokre få spørsmål som dreier seg meir om kunnskap.

Spørjeskjema

Lyspære. Foto.

Ein del av spørsmåla bør formulerast slik at de kan sortere svara i grupper når de arbeider med resultata. Dette er nødvendig for å kunne "summere" svara og framstille resultata grafisk. Slike svargrupper kan for eksempel vere: "positiv", "lunken", "negativ" og "veit ikkje". Ved å lage eit spørjeskjema for avkryssing vil sorteringa vere gjord på førehand.

Dersom de ønskjer å få fram moglege forskjellar mellom for eksempel aldersgrupper og kjønn, må de notere opplysningar om dette under intervjua (på spørjeskjemaet).

Intervju

  1. Ein mann intervjuer tre unge menn. Foto.
    Presenter dykk, og fortel kva de skal bruke opplysningane til. Spør deretter om lov til å intervjue personen/gruppa.
  2. Dersom de tek bilete av eller filmar intervjusituasjonen, må de spørje om lov først. Det er nyttig med ei førebudd liste der intervjuobjekta skriv under for å gi løyve til bruk av bilete/film.
  3. Ryddige notat frå intervjuet lettar etterarbeidet.
  4. Intervjuet kan vere todelt:
    1. spørjeskjema med avkryssing for svaralternativ
    2. djupintervju der intervjuobjektet får moglegheit til å svare meir utfyllande.

Presentasjon

I tillegg til ei oppsummerande grafisk framstilling kan de presentere meir utdjupande svar og gruppa sine tolkingar på andre måtar.

Resultatet kan presenterast ved hjelp av lyd, film eller bilete i kombinasjon med munnleg framføring, dramatisering, tekst og grafiske framstillingar. Vel ei presentasjonsform som eignar seg til den bodskapen de skal framføre, slik at de kan ta nødvendige omsyn til dette under planlegginga og intervjua.

Tips til presentasjonen

Mobiltelefon med apper. Foto.

PowerPoint, Prezi, Camtasia, Audacity, regneark, MovieMaker, og PhotoStory er eksempel på nyttige hjelpeprogram som de kan bruke til å lage presentasjonen.

De treng ikkje avansert utstyr for å ta opp lyd, bilete eller film. Mange mobiltelefonar har alle desse moglegheitene.

Nyttige ressursar

Nyttige ressursar frå faga norsk og samfunnsfag (sjå lenker under) kan gi gode tips til presentasjonen. Rettleiingar til programma som er nemt over, finn du ved søk på Internett. Fagstoff om etiske spørsmål i bioteknologi finn de under emnet Bioteknologi i naturfaget.

De må rekne med å bruke meir tid på prosjektet dersom de samtidig skal lære å bruke nytt utstyr eller ny programvare. Dette er likevel nyttig kunnskap og erfaring som de kan få bruk for seinare.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi