Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder argumenta om genmodifisering

Det er mange argument for og imot at vi skal bruke genmodifiserte plantar. Vurder kor gode argumenta er, og ta eit standpunkt.

Del 1

Eit argument er ei grunngjeving som skal støtte eller forsvare eit standpunkt.
I filmen ovanfor diskuterer ein denne påstanden:

Genmodifiserte plantar som produserer si eiga insektgift, kan vere løysinga på problemet med overforbruk av sprøytemiddel.

Lag ei oversikt over kva for argument for dei to standpunkta du finn i filmen.

Attgjeving av diskusjonen i filmen over

Kan plantar som produserer si eiga insektgift, vere løysinga på problemet med overforbruk av sprøytemiddel?

Ja! Avlingane blir større, og bruk av sprøytemiddel blir redusert. I tillegg blir insektproblema mindre. Kanskje ein kan slå to fluger i ein smekk og drepe mygg og på den måten kontrollere sjukdommar som malaria!

På amerikansk jord blir det dyrka plantar som produserer protein som kan lækje sår eller behandle skrumplever og anemi. Det finst også variantar som lagar antistoff mot kreft eller vaksinar mot rabies eller kolera.

Teknologien i seg sjølv er kanskje bra, men han må kontrollerast til det beste for fellesskapet. Genmodifiseringa kan til dømes gjerast på lokale artar som er tilpassa forholda, samtidig som ein hindrar at pollen kan spreiast utanfor åkeren.

Det er ikkje sikkert at det Monsanto og andre kommersielle aktørar tener på, er den beste løysinga for global mattryggleik, for den enkelte bonden eller for forbrukarane. Pollen frå Bt-plantar bør ikkje kome i kontakt med andre artar slik at giftgenet blir spreidd. Vi må unngå at naturlege lokale artar forsvinn, og at mangfaldet blir redusert.

Sjølv om vi ikkje sprøytar, blir det heile tida produsert gift i ein åker med Bt-plantar, så dette er verre enn sprøyting. Gifta ser ikkje forskjell på ven og fiende. Giftstoffa blir meir konsentrerte oppover i næringskjedene. Fuglar og nyttige insekt døyr, og store mengder gift forureinar jorda, slik at stoffkrinsløpet blir skada. Pollen frå Bt-plantar blir spreidde til naboåkrar, slik at såkorn derfrå også ber med seg gena til Bt-gifta. Gifta hopar seg opp i jorda og hamnar i maten vår, sjølv om vi ikkje kjøper GMO-mat.

Vi kjenner ikkje konsekvensane på lang sikt. Den konstante produksjonen av giftstoff i åkrane med genmodifiserte Bt-plantar vil gi skadedyr som toler stadig nye gifter. Då hjelper det ikkje å sprøyte mot insektangrep i åkrane med vanlege plantar heller. Ein fleire tusen år gammal landbrukstradisjon blir øydelagd for alltid, plutseleg får du frukostblanding krydra med medisin og industrikjemikaliar. Eg synest at slike plantar berre skal dyrkast innandørs for å unngå at andre artar tek opp slike gen.

  1. Gå saman i par eller grupper, og sorter argumenta de har funne. Lag ein kategori for argumenta som er for, og ein for argumenta som er imot genmodifisering av plantar.
  2. Sjå på argumenta saman, og bruk sjekklista nedanfor til å vurdere om argumenta er gode eller dårlege.

Kva skal du sjå etter?

Kva betyr det?

Korleis kan du vurdere det?

Er argumentet haldbart?

Er faktagrunnlaget riktig?


Er innhaldet i argumentet sannsynleg?

Vurder om tal og andre faktaopplysingar som argumentet byggjer på, stemmer.

Sjå også etter overdrivingar og generaliseringar som forenklar og set ting på spissen.

Der du ikkje kan sjekke reine faktum, må du vurdere om samanhengar som argumentet baserer seg på, verkar sannsynlege.

Er argumentet relevant?

Har det med saka å gjere?

Vurder om argumentet eigentleg handlar om noko anna enn saka som blir diskutert.

Vurder om samanlikningar med andre situasjonar eller saker er rimelege.

Prøver argumentet å framstille ei anna problemstilling som viktigare?

Er argumentet sterkt nok?

Finst det sterkare motargument?

Vurder kva som skal til for å motbevise argumentet.

Er det brukt mykje skjult eller indirekte argumentasjon?

Bruker argumentet kjensler for å overtyde, i staden for å basere seg på faktum?

Sjå etter pluss- og minusord. Dette er ord som gir positive eller negative assosiasjonar, og dermed påverkar oss utan at vi merkar det.

Undersøk også bruk av ironi og sarkasme.

Speler argumentet på frykt eller andre kjensler som kan få oss til å reagere sterkt?

Er det eit personangrep eller stråmannargumentasjon?

Handlar argumentet om å snakke nedsetjande om motstandaren?

Angrip argumentet synspunkt som motstandaren ikkje har?

Vurder om argumentet berre handlar om motstandaren og ikkje gir nye saksopplysingar.

Vurder om motstandaren faktisk har dei synspunkta eller eigenskapane som argumentet angrip.

Del 2

Etter å ha sortert og vurdert argumenta skal de rangere dei:

Del 3

Kva standpunkt landar du på etter å ha vurdert og rangert argumenta? Grunngi svaret ditt.

På kva måte hjelpte rangeringa deg med å lande på eitt av standpunkta i denne debatten?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2020

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi