Hopp til innhald

Fagstoff

Etikk avgrensar bioteknologi

I all forsking må ein ta omsyn til lovverket og dei rammene det gir. Nokre gonger skjer den teknologiske utviklinga raskare enn lovene blir oppdaterte. Andre gonger kan lova vere uklar og open for tolking. I slike tilfelle er det etikken som blir styrande for vala ein tek vidare.
Tre generasjonar i ein familie som ligg på grønt gras og ser opp mot kameraet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etikk – verdiar som styrer val

Ei kvinne som står inne i ei bok og lyser opp ei trapp med lommelykt. Illustrasjon.

I etiske diskusjonar reflekterer vi over kva som er rett, og kva som er gale. For å ta etisk gode val må du vurdere korleis valet påverkar ikkje berre deg sjølv, men også andre menneske, samfunnet rundt og naturen vi er avhengige av. Det valet som er godt for den eine, er ikkje nødvendigvis det beste for ein annan. Eit val du tek for deg sjølv, kan få direkte konsekvensar for andre.

Desse nyansane kan vere vanskelege å sjå når ein plutseleg er i ein desperat situasjon der bioteknologi tilbyr ei mogleg løysing. Det er vanskeleg å diskutere etikk med menneske som er i krise. Det er derfor viktig å vere i forkant og gjere dei etiske vurderingane før ein er i ein pressa situasjon. Samtidig er det viktig at vala ein tek, ikkje er statiske og evige. Etikk er alltid i bevegelse. God og oppdatert kunnskap er avgjerande for å kunne ta dei rette vala.

Etikk – demokrati – livssyn – kunnskap

Siv Jensen og Jonas Gahr Støre som snakkar saman og smiler. Foto.

For enkelte kan det verke merkeleg at ein i det heile teke må ha etiske diskusjonar om bioteknologi. Enkelte meiner at viss ein kan gjere livet til menneske betre med forsking og ny teknologi, må ein bruke dei hjelpemidla ein har. Dersom ein kan bruke genredigering til å fjerne ein arveleg sjukdom, skal ein så klart gjere det. Kan ein skaffe befolkninga på jorda nok og betre mat ved hjelp av genteknologi, gir det ikkje meining å late vere.

I den andre enden finst dei som meiner at ein ikkje på nokon som helst måte skal påverke det som tilfeldigvis rammar eit menneske. Nokre gonger er slike standpunkt knytte til religiøs overtyding og til eit livssyn om at det ikkje er opp til oss menneske å velje bort eigenskapar vi ser på som belastande eller krevjande. Vi må i staden forvalte naturressursane slik dei er gitte.

Ung mann med 4 tenkjebobler som viser ein død person, ein liten baby, ei hand med ein telefon og eit vinnarlodd på 20 millionar. Foto.

Desse ytterpunkta, og alle nyansane mellom dei, må bli høyrde i ein god etisk diskusjon. Avstanden kan verke uoverkomeleg. Så kvar startar ein viss ein i det heile skal ha sjanse til å møtast? Eit godt utgangspunkt kan vere å sjå på kva ein er samde om, og kva kunnskap ein har på dei ulike områda. Dersom kunnskap er mangelvare, må ein vere villig til å setje seg inn i dei faktuma som ligg føre. Føresetnaden for å kunne nærme seg kvarandre er at partane må respektere at dei ikkje har same utgangspunkt.

Endingar i bioteknologilova

Våren 2020 var bioteknologilova til behandling i Stortinget. Debatten på førehand og undervegs viste tydeleg kva for nokre etiske problemstillingar ein stod overfor. Bioteknologirådet kom med den faglege tilrådinga si. Legar, forskarar, trussamfunn og enkeltpersonar fekk debattere og uttale seg i media.

Politikarar på begge sider uttrykte respekt for ståstaden til motparten. I eit demokrati som Noreg har alle høve til å ytre seg og bli høyrde. Sjølv om det kan vere vanskeleg å forstå synspunktet til motparten, må ein vere open for å lytte til andre sine argument. Nokre gonger kan det føre til at ein endrar standpunkt.

Stortingssalen i mai 2020. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Nina Mari Wagner.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020

Læringsressursar

Etikk og bioteknologi