Test dei kjemiske sansane
Mens luktecellene i slimhinna til nasen er kjenslevare for molekyl i gassform, blir smakscellene i slimhinna til tunga stimulerte av smaksstoff oppløyste i vatn.
Smakssansen
Vi har omtrent 10 000 smakslaukar, og kvar smakslauk inneheld 50–100 smaksceller, men talet på smakslaukar blir redusert med alderen. Smakscellene er spesialiserte til å reagere på éin av fem ulike smakskvalitetar: surt, salt, søtt, bittert og umami, og kvar smakslauk inneheld smaksceller for alle fem smakskvalitetane.
Smakssansen er spesielt kjenslevar for bitre stoff. Sidan dei fleste plantegiftene smaker bittert, vil sensibiliteten vår for bitre stoff hjelpe oss til å unngå forgiftingar.
Luktesansen
Luktesansen er sannsynlegvis den første sansen som oppstod i dyreriket. Han styrer livsviktige prosessar som matsøk, partnarval og faresignal hos mange dyr.
Luktesignal som når hjernen, har direkte samband til kjensler og minnet. Vi har millionar av luktnevronar i nasehola. Det er desse som reagerer på luktstoff.
Både smakssansen og luktesansen hjelper oss til å skilje mellom ulike smakar.
Jobb i par med øvinga.
Ta på deg bind for auga og klype over nasebora.
Stikk tunga ut og pust gjennom munnen.
Be partnaren din om å plassere ein bit lauk eller eple på tunga di.
Trekk tunga inn i munnen, men ikkje tygg. Kan du kjenne igjen biten? Beskriv smaken.
Ta vekk klypa frå nasen og pust djupt. Klarer du no å kjenne kva det er? Kan du forklare det som skjer?
Tenk gjennom og prøv å forklare kva som skjer frå ein smak eller lukt treffer ei sansecelle, til vi registrerer smaken eller lukta.
Jansen, J. K. S. & Glover, J. (2022, 20. mai). Smakssans. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/smakssans
Grønlien, H. & Tandberg, C. (2009, 21. august). Øvelser i sansefysiologi. Skolelaboratoriet i biologi, UiO. https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/kompendier/ovelser-i-sansefysiologi.PDF
Relatert innhald
Smak er ein av dei fem sansane våre. Det er spesialiserte smaksceller i tunga som kjenner igjen dei ulike smakane søtt, surt, bittert, salt og umami.