Hopp til innhald
Forsøk

Uteaktivitetar: Vi testar sansane

I desse aktivitetane får du testa sansane dine og bli meir klar over korleis du bruker dei til å tolke omgivnadene. Alle opplegga er leikprega aktivitetar som kan gjennomførast som konkurransar utandørs i nærleiken av skulen eller på tur i naturen.

Aktivitet 1. Bruk sansane dine!

Formålet med denne aktiviteten er at du skal bruke sansane dine medviten til å observere omgivnadene og naturen rundt deg.

Utstyr

skjema og skrivereiskap

  • Bruk sansane dine

  • Framgangsmåte

    Her kan de velje å jobbe individuelt og registrere alle sanseinntrykk i 5–10 min før de samanliknar observasjonane, eller ta ein og ein sans før de samanliknar.

    Deltakarane kan sitje i ro eller bevege seg rundt i området.

    1. Start med synssansen. Bruk eitt til to minutt til å skrive ned det du sansar.

    2. Samanlikn observasjonane med det medelevane har registrert.

    3. Poengberekning:
      Stryk det du har felles med dei andre elevane, og gi 1 poeng for observasjonar ingen andre har registrert.

    4. Hald fram med høyrselssansen, luktesansen og berøringssansen.

    Aktivitet 2. Berøringssansen

    Formålet med denne aktiviteten er å utforske berøringssansen.

    Utstyr

    • ting i naturen med ulik overflate, til dømes stein, mose, bork, jord

    • bind for auga

    Framgangsmåte

    1. Gå saman i par.

    2. Den eine får bind for auga og blir leidd av partnaren. Den andre er følge og presenterer "den blinde" for gjenstandar og vekstar med ulik overflate. Døme er stein, bork, blad, jord, mose, gras og liknande.

    3. Den som har bind for auga, skal prøve å beskrive det hen tek på, og deretter gjette kva det er.

    4. Byt roller.

    Om berøringssansen

    Huda har sanseceller som reagerer på berøring, trykk og temperatur. Når sansecellene i huda blir stimulerte, går det nerveimpulsar til hjerneborken, der sanseinntrykka frå verda rundt oss blir danna. Nerveimpulsane frå dei ulike sanseorgana er like, men sanseopplevinga er avhengig av kvar i hjernen nerveimpulsane endar. I tillegg bruker vi erfaring frå tidlegare observasjonar til å tolke informasjonen.

    Aktivitet 3. Djupnesyn

    Formålet med denne aktiviteten er å vise korleis djupnesynet forsvinn når vi berre bruker eitt auge.

    Utstyr

    • bøtte

    • tre små ballar

    • bind/lapp for eitt auge

    Framgangsmåte

    1. Stå tre meter unna bøtta, og prøv å kaste ballar i ho.

    2. Gjer det same med bind for det eine auget. Sidan hjernen vår treng begge auga for djupnesyn, vil det sannsynlegvis vere vanskelegare å treffe når ein berre bruker eitt auge.

    3. Noter resultata for heile klassen og summer treff med og utan bind for auga. Kor stor vart forskjellen i prosent?

    Om djupnesyn

    Når du ser du på ein gjenstand med berre det eine auget, ser han flat ut, men med begge auga kan du sjå gjenstanden i tre dimensjonar. Det er fordi auga ser gjenstanden frå to ulike vinklar, slik at dei to bileta som blir danna på netthinna, er litt ulike. Hjernen samordnar dei to bileta slik at vi får djupnesyn.

    Djupnesyn hjelper oss til å kunne vurdere avstand, men ser vi på noko langt borte, blir forskjellen på dei to bileta på netthinna så liten at det er vanskeleg å vurdere avstanden. Dyr som held til i tre, har stor nytte av djupnesyn når dei skal bevege seg frå grein til grein, og rovdyr bruker djupnesynet for å kunne gripe eit byte.

    Aktivitet 4. Høyrselen og retning – jeger og bytte

    Formålet med denne aktiviteten er å sjå nytta av å ha to øyre.

    Utstyr

    • fyrstikkeske

    • bind for auga

    Framgangsmåte

    1. To personar melder seg frivillig til å vere høvesvis jeger og bytte. Resten av gruppa/klassen dannar ein så stor ring som mogleg.

    2. Jegeren får bind for auga, mens byttet får fyrstikkeska.
      Dei blir plasserte på kvar si side i sirkelen.

    3. Jakta startar ved at byttet rister på fyrstikkeska, mens jegeren må lokalisere byttet ut frå lyden.

    4. Jakta går føre seg i ringen. Byttet ristar innimellom på fyrstikkeska, og jegeren må lytte. Leiken er ferdig når jegeren har fanga byttet.

    5. Byt på å vere jeger og bytte. Kor lett/vanskeleg er det å lokalisere lyd?

    6. Utvid øvinga ved å hemme høyrselen i det eine øyret ved hjelp av øyrepropp, bomull eller liknande. Korleis verkar det inn på jakta?

    Om høyrsel og retning til lydkjelda

    Høyrselen er grunnlaget for utviklinga av språk, og han er derfor viktig for den sosiale og kulturelle utviklinga til mennesket.

    Nytta av å kunne høyre lydar aukar viss vi òg kan høyre kvar lyden kjem frå. Hjernen bereknar lydretninga på bakgrunn av forskjellar i innkomsttida og intensiteten til lyden ved dei to øyra. Viss lydkjelda ligg litt til venstre for hovudet, vil lyden nå det venstre øyret ditt litt før han når det høgre. Intensiteten til lyden er òg lågare ved det høgre øyret.

    Det er ikkje alle dyr som har øyre. Til dømes kan slangar "høyre" ved å sanse vibrasjonar i bakken gjennom underkjeven.