Hopp til innhald
Fagartikkel

Navigasjon: Korleis finn dyra fram?

Mykje tyder på at dyr bruker ein kombinasjon av fleire sansar for å finne fram over lange avstandar. Levesettet, type flytting og det landskapet arten bevegar seg i, har noko å seie for kva sansar som er best utvikla. Migrasjonsmønstera kan bli påverka når klimaet endrar miljø og havstraumar.

Evna dyra har til å navigere over lange avstandar, er mangfaldig og fascinerande. Vi kjenner til at lakseyngel vandrar frå elva til havet og kjem tilbake til same elv for å gyte etter fleire år. Vi veit at ål vandrar mellom Sargassohavet og norske vassdrag. Honningbier er i stand til å hugse ruter til fôringsområde og formidle funna sine til artsfrendar.

Nokon dyr gjennomfører den lange reisa si ein gong i livet, andre migrerer to gonger i året, mens honningbiene navigerer mellom fôringsplass og bikube fleire gonger dagleg. Alle brukar dei spesielle sansane sine for å finne vegen. Det finst mange svar og gjettingar om korleis dyra finn fram, men mykje er framleis uklart.

Migrasjonen over lange avstandar har ein kostnad i form av auka dødelegheit. Dette blir vege opp for av lengre dagar, meir tilgjengeleg mat og kanskje færre predatorar på staden dei vandrar til.

"Innebygd GPS" – det åltimate navigasjonssystem

Den ålen som finst i Noreg, sym i fem–seks månader (cirka 6 000 km) for å gyte for første og siste gong i livet. Målet er Sargassohavet sør for Bermuda, på den andre sida av Atlanteren. Ålen blir beskrive som ein katadrom fisk. Det vil seie at han gyter i saltvatn og veks opp i ferskvatn.

Ålen sym djupt og treng eit godt navigasjonssystem for å finne fram til gyteområdet. Alt tyder på at ålen har utvikla ei form for kartforståing og orienterer seg ved hjelp av magnetiske felt. Forsøk med ål i mørke kar med magnetfelt har styrkt denne teorien, men vi veit enno ikkje kva organ i fysiologien til ålen som gir dei denne "innebygde GPS-sansen". Den 1–2-årige migrasjonen til larvane tilbake til norskekysten er ukjend.

Årlege migrasjonar

Både fuglar, store dyr som kvalar og til og med nokre sommarfuglar vandrar langt mellom sommar- og vinteropphald kvart år. Denne migrasjonsåtferda er typisk for kvar art, men varierer mellom ulike populasjonar av same art.

Unge individ kan følge dei vaksne som kan ruta, men det er ikkje alltid tilfelle.

Fuglane kjenner igjen terrengformasjonar (har kartsans) og bruker retningsorientering (kompass-sans), polarisert lys frå sola, posisjonen til stjernene og tid til navigasjon. I tillegg kan dei bruke jordas magnetfelt under navigeringa.

Tenk gjennom

  • Kva artar med årlege migrasjonar kjenner du til?

  • Sjå for deg fleire populasjonar av ein bestemd art. Kor like er migrasjonsrutene deira? Flyttar alle samtidig?

Pulsering mellom sommar- og vinterbeite

Både villrein og elg trekker mellom ulike beiteområde haust og vår. Når reinen først har lært ei trekkrute, vil han bruke den ruta. Både rytmen til naturen (årstider), og minnet styrer åtferda, men viss det blir for mange dyr i eit område, eller viss beitet blir dårleg, kan han finne andre område. Då kan vi rekne med at sansar som syn og lukt verkar saman nedarva instinkt og minne (kartforståing). Reinen trekker til kystnære, snøfattige område der det er lett å finne lav i vinterhalvåret, og til innlandet og fjellet om sommaren.
Elgen trekker til område med mindre snø og betre beite om vinteren. Det er oftast i låglandet. I sommarhalvåret går elgen gjerne høgare i terrenget.

Ein svipptur til Karibia styrt av instinkt?

Knølkvalane bruker to til tre månader på å vandre cirka 6 000 kilometer frå Barentshavet til Karibia kvar haust. Merking av kvalane har vist at nokre av dei er der svært kort tid før dei vender tilbake. Ein kval snudde etter nokre timar og ein annan i var der berre ei veke. Forskarane har lurt på kvifor dei bruker så mykje tid og krefter på vandringa for deretter å snu etter kort tid. Det er mogleg at denne migrasjonen har vorte ein evolusjonsmessig vane, ein del av instinktet, sidan desse rike bankane har vore gunstige for å føde og die i svært lang tid.

Kvalar kan "snakke saman" over fleire tusen kilometer. Dei lågfrekvente lydane frå kvalar som var i eit område med rikeleg mattilgang, lokka til seg kvalar som var langt unna. Kvalane kan altså kommunisere og navigere etter høyrselen.

Havskjelpadder med "avansert GPS"

Havskjelpadder nyttar lys og magnetfelt under vandringa. Dei kjenner både kor sterkt jordas magnetiske felt er, og kva vinkel feltet har i forhold til jordas overflate. Skjelpaddene veit altså kor langt aust–vest dei er, og kvar dei er langs nord–sør-aksen. Forsking har òg vist at nyklekte skjelpadder navigerer ved hjelp at denne "avanserte GPS-en".

Film om havskjelpadder

Orsak, ein feil oppstod ved lasting av video. Prøv å laste inn sida på nytt.

Filmen viser havskjelpadder som sym i eit grunt havområde ved Galápagosøyane. Skjelpaddene beitar på algar mens dei passivt følger havdønningane fram og tilbake. På slutten av filmen kan vi sjå to skjelpadder som parar seg i vatnet nært land. På forbeina har hannen krokar som han hektar på skalet til hoa slik at han kan halde seg fast.

Villaks med luktesans

Villaks kan kanskje òg bruke luktesans for å finne fram til elva der han vart klekt.

Aure og laks har positiv rheotaksis (gresk rheein – "strøyme, flyte") og sym mot straumen.

Klimaendringar kan endre migrasjonsmønster

Når havet blir varmare, flyttar seg nordover. Det vil påverke lokaliseringa av fødeområda for laks og andre organismar i havet. Når laksen må vandre lenger nord for å nå arktiske farvatn med god mattilgang, vil belastninga auke for fleire laksestammar.

Som kartet viser, er fleire laksestammar i stand til å vandre langt, men har dei kapasitet til å auke avstanden, og har dei evne til å endre den opphavlege ruta? Den aukande temperaturen i Nord-Atlanteren kan auke energiforbruket til laksen, gi auka migrasjonstid mot fødestaden og dermed redusere tida dei har til å bygge opp energireservar. Det er sannsynleg at belastninga kan bli størst for sørlege populasjonar, og at endringane kan bidra til ekstra belastning for atlantiske laksebestandar som allereie er svekte.

Tenk gjennom og undersøk

  • Vil færre fuglar trekke sørover om vinteren viss klimaet blir mildare? Kva konsekvensar kan det i så fall få?

  • Blir migrasjonen utløyst av temperatur eller lys?

  • Store antilopeflokkar følger faste migrasjonsruter styrte av regntid og tørketid. Vil eller kan dei endre rutene viss klimaendringar fører til endra nedbørsmønster?


Oppgåve om navigering og migrasjon

Kjelder

Durif, C. & Skiftesvik, A. B. (2022, 24. februar). Tema: Ål. Havforskningsinstituttet. https://www.hi.no/hi/temasider/arter/al

Jakobsen, A. (2021, 1. september). Velkommen til hvalenes forunderlige verden. Havforskningsinstituttet. https://www.hi.no/hi/nyheter/2019/mars/velkommen-til-hvalenes-forunderlige-verden

Jakobsen, H. Ø. (2011, 27. februar). Kjenner veien rett vest. Forskning.no. https://forskning.no/sjodyr-marinbiologi/kjenner-veien-rett-vest/790697

Rikardsen, A. H., Righton, D., Strøm, J. F., Thorstad, E. B., Gargan, P., Sheehan, T., Økland, F., Chittenden, C. M., Hedger, R. D., Næsje, T. F., Renkawitz, M., Sturlaugsson, J., Caballero, P., Baktoft, H., Davidsen, J. G., Halttunen, E., Wright, S., Finstad, B. & Aarestrup, K. (2021, 10. juni). Redefining the oceanic distribution of Atlantic salmon. Scientific reports, 11, 12266. https://doi.org/10.1038/s41598-021-91137-y

Walberg, F. og Åbro, A. (2020, 5. juli 2020). Sanseorganer hos dyr. I Store norske leksikon. https://snl.no/sanseorganer_hos_dyr