Hopp til innhald
Fagartikkel

Lyset styrer åtferda

Evna til å registrere lys fører til ei enorm forflytting av biomasse i havet to gonger i døgnet. Artar som lever i dei opne vassmassane, flyttar seg vertikalt til ei djupne der lyset er svakt nok til å gi skjul mot predatorar, men godt nok til at dei kan finne mat.

Evna til å registrere lys er viktig for åtferda

Mange virvellause dyr har enkle synsorgan som blir kalla punktauge. Dei ser ikkje eit bilete av omgivnadene, men registrerer variasjonar i lysstyrken. Dette bruker dei til navigering. Punktauga kan vere så enkle som eit koppforma holrom med celler som har lysabsorberande pigment. Nesledyr, rundormar og hoppekreps er blant dyra som har slike enkle synsorgan.

Hos krepsdyr finst det to augetypar, men kvart individ har vanlegvis berre ein type. Krepselarvene har oftast eit auge i panna. Dette auget er sett saman av to eller tre små punktauge. Vaksne krepsdyr har som regel fasettauge på sida av hovudet. Desse sit gjerne ytst på bevegelege stilkar, som hos reka.

Auga til fiskane kan langt meir enn å registrere lys. Både auga og behandlinga til hjernen av synsinntrykk er velutvikla. Auga kan rørast uavhengig av kvarandre og gir eit breitt synsbilete sidan dei er plasserte langt frå kvarandre. Nokre fiskelarvar har auga på lange bevegelege stilkar. Enkelte djupvassfiskar er blinde, men dei fleste fiskar har godt fargesyn.

Tenk gjennom!

Store mengder fisk og andre artar vandrar tusen meter opp og ned i vassmassane kvart døgn. Dette kostar mykje energi, så kvifor gjer dei det?

Variasjon i lysmengde styrer dei vertikale vandringane til artane

Det er klare samanhengar mellom lysstyrken og kor djupt fiskestimane står. Dette kan du sjå tydeleg ved å samanlikne ekkogrammet og grafen som viser korleis lyset varierer i same tidsperiode.

Fisk og andre dyr, som maneter og krepsdyr, vandrar opp mot overflata når det blir mørkt, og ned mot djupet på dagtid. Som kurvene viser, er det samsvar mellom lysmengda og dei vertikale vandringane til fisken.

og andre organismar flyttar seg vertikalt i vassmassane når lyset forandrar seg. Dei finn komfortsona si der det er mørkt nok til at dei kan vere mest mogleg usynlege for predatorar, og samtidig lyst nok til at dei kan finne mat.

Dei mesopelagiske fiskane utgjer den største biomassen av fisk i havet. Dei blir i liten grad fiska på, men er viktig føde for større fiskar og sjøpattedyr.

Sender ut lys for å bli usynleg

Mange fiskar, som laksesild og lysprikkfisk, kan etterlikne lyset frå omgivnadene for å gjere seg usynlege for predatorar.

Dei sender ut lys som svarer til det lyset som kjem ovanfrå. Dermed vil dei bli usynlege for predatorar som kjem nedanfrå. For å lykkast med denne strategien, vandrar dei ned på dagtid og opp mot overflata når det blir mørkt.

Den vertikale vandringa gjer at dei kan opphalde seg i komfortsona si der det er lyst nok til at dei med det gode synet sitt kan finne mat, og samtidig mørkt nok til at dei er mindre synlege for artar som et dei.

Verdas største karbontransport?

Det er ein stor biomasse med fisk, maneter, krepsdyr og andre dyr som vandrar cirka 1000 m opp og ned kvart døgn. Vandringane til biomassen følger døgnvariasjonane i lysintensitet. Dette utgjer ein stor karbontransport opp og ned i vassmassane to gonger i døgnet.
Det er lyset og evna artane har til å registrere lyset, som styrer denne åtferda.

Video: Frank Emil Moen / CC BY-SA 4.0
Film om lysmåling og vandring av biomasse i havet

Filmen er eit opptak frå forskingsskipet G.O. Sars. Det forklarer bakgrunnsstøyen frå alle maskinene om bord.

Dag Aksnes demonstrerer måleinstrument som blir senka ned i havet og måler lysintensitet og lyskvalitet på ulike djupner. Han forklarer korleis dei mesopelagiske fiskane vandrar opp og ned i vassmassane i takt med korleis lyset forandrar seg gjennom døgnet. Dei oppheld seg i sin lys-komfortsone for å vere verna mot predatorar, men det er framleis lyst nok til at dei kan finne føde.

Desse fiskane, som lysprikkfisk og laksesild, kan i tillegg produsere motlys som gjer dei ekstra godt verna mot predatorar. Dei mesopelagiske fiskane er berre nokre få centimeter lange, men dei utgjer den største biomassen av fisk i hava. Dei blir i liten grad fiska på, men er viktig føde for andre større fiskar som sei og kolmule, og er derfor viktige for livet i havet.