Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sansetap

Korleis er det å mangle ein sans? Viss du ikkje kan sjå, høyre, lukte, smake eller føle? I denne oppgåva skal de lage ein film som viser korleis sansane fungerer, og korleis det kan opplevast dersom ein sans ikkje verkar som han skal.
 Kvinne med bind framfor auga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Lag ein undervisningsfilm eller eit rollespel om sansane. Filmen eller rollespelet skal innehalde:

  1. Forklaring og demonstrasjon av korleis kvar av sansane fungerer.
  2. Døme på korleis det opplevast å ha nedsett funksjon i dei ulike sansane.
  3. Forslag til korleis tilrettelegging og hjelpemiddel kan lette kvardagen for brukarar med nedsett funksjon i dei ulike sansane.
CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2020

Læringsressursar

Sansane