Øyret – anatomi og oppgåver
Øyret er eit fantastisk organ. Det fangar opp lydbølgjer frå lufta og dannar dei om til informasjon som hjernen vår tolkar.
I tillegg til at øyret er organet for høyrsel, er det òg det organet som registrerer om vi rører på hovudet, slik at vi held på likevekta/balansen.
Øyret er delt inn i tre hovuddelar: det ytre øyret, mellomøyret og det indre øyret.
Det ytre øyret består av øyremuslingen og øyregangen i tillegg til trommehinna, som er overgangen til mellomøyret. Den ytre delen av øyret har som oppgåve å fange opp og leie lydbølgjene innover mot mellomøyret og det indre øyret. I tillegg skal øyremuslingen og øyregangen verne det indre øyret mot vatn og framande partiklar.
Mellomøyret er den delen som ligg mellom trommehinna og det ovale vindauget. Det er luftfylt og består av dei tre øyrebeina hammaren, ambolten og stigbøyelen. Desse tre øyrebeina er dei minste beina i kroppen vår.
Oppgåva til mellomøyret er å forsterke og føre lydbølgjene vidare frå den luftfylte delen av øyret og over til det væskefylte indre øyret. Frå mellomøyret går det òg ein kanal ned til nasen, og denne kanalen blir kalla øyretrompeten. Øyretrompeten stabiliserer lufttrykket på begge sider av trommehinna.
Tenk gjennom:
Nokre gonger får vi "dottar i øyra", eller vi seier at "det smell for øyra". Kva er årsaka til dette?
Kva er øyrebetennelse, og kvar i øyret er det som regel eit problem då?
Det indre øyret består av sniglehuset og dei tre bogegangane som medverkar til at vi held balansen. I sniglehuset sit sansecellene (hårcellene), som registrerer vibrasjonane som blir sette i gang når stigbøyelen blir trykt mot det ovale vindauget og medfører rørsle i væska. Desse vibrasjonane blir vidare sette om til elektriske signal som går via høyrselsnerven og til hjernen, der informasjonen blir tolka.
Bogegangane er væskefylte kanalar med sanseceller som sender elektriske signal via balansenerven til hjernen, som på den måten oppfattar kva posisjon kroppen er i.