Sansane våre
Sansecellene finst samla i organ som auge og øyre, men òg spreidde i heile kroppen. Sansecellene med reseptorane sine skaffar livsviktig informasjon både frå omgivnadene og frå det indre miljøet. Alle dyreartar treng slik informasjon for å fungere effektivt og halde oppe homeostase. Signal frå sansane blir sende til nervesystemet der dei blir tolka medvite eller umedvite. Utan denne informasjonen ville grunnlaget for tankar, kjensler og læring ha mangla fullstendig.
Nervesystemet har evne til å reagere på både det indre og det ytre miljøet vårt. For at det skal skje, må vi vere i stand til å oppdage at ei endring har skjedd. Nervesystemet kan omsetje indre og ytre stimuli til elektriske signal i form av aksjonspotensial som blir førte langs nevron. Nokre stimuli blir brukte til å halde ved like homeostase, mens andre speler ei rolle i alle slags refleksar og medvitne responsar.
Her skal vi sjå nærare på korleis nervesystemet formar om fysiske og kjemiske signal som berøring, smak, lys, lyd og andre til elektriske signal som kan tolkast og behandlast av sentralnervesystemet slik at vi kan oppfatte dei.
Tenk gjennom
Finn døme på sanseinntrykk som får deg til å reagere raskt.
Kva sanseinntrykk får kroppen din til å reagere utan at du tenker gjennom det?
Dei fleste dyreartar har mange ulike typar sanseceller. Nokre av dei er samla i organ, slik dei lysfølsame cellene som er samla i auga. Vi kan dele inn sansecellene i ulike grupper etter kva typar stimuli dei reagerer på.
Fotoreseptorar reagerer på lysstimuli (stavar og tappar i auget).
Mekanoreseptorar reagerer på mekaniske påverknader som berøring, trykk og smerte. Fleire typar mekanoreseptorar i øyret har betydning for balanse og høyrsel. Senespolar og muskelspolar registrerer strekk/drag som kan utløyse refleksar.
Kjemoreseptorar reagerer på bestemde kjemiske substansar (smakslaukar på tunga, luktesans).
Termoreseptorar reagerer på temperaturforandringar (varme- og kuldereseptorar i huda).
Sansing av elektriske felt: Nokre delfinar, kloakkdyra, nokre fisk og amfibium kan oppfatte elektriske signal og bruke desse til å jakte på mat.
Sansing av magnetiske felt: Fuglar, skjelpadder og ål kan bruke jordas magnetfelt til navigering.
Ekkolokasjon og sonar: Tannkvalar og flaggermus er døme på pattedyr som har utvikla eit sanseapparat som bruker ekkolokalisering.
Signala frå sansecellene blir behandla ulike stader i hjernen. Hjerneborken i storhjernen har fleire dedikerte område som får og behandlar dei sanseinntrykka som vi opplever medvite. Vi reknar ofte desse som sansane våre: syn, høyrsel, lukt, smak, berøring, varme, kulde og smerte. Sidan dei fire siste kan samlast i omgrepet føle, kan vi seie at vi har fem sansar, men mange vil òg regne likevekts- og rørslesans som eigne sansar.
I tillegg har vi mange fleire reseptortypar som registrerer indre forhold. Desse reseptorane bidreg til kontroll av likevekt og vedlikehald av homeostase utan at vi registrerer dette medvite.
Colorado Community college system. (u.å.). 40. Nervous Sensory Functions. I Anatomy & Physiology. https://pressbooks.ccconline.org/bio106/chapter/nervous-sensory-functions
Jansen, J. K. S. & Glover, J. (2018, 6. september). Sansene. I Store norske leksikon. https://sml.snl.no/sansene
Walberg, F. og Åbro, A. (2020, 5. juli). Sanseorganer hos dyr. I Store norske leksikon. https://snl.no/sanseorganer_hos_dyr
Aarnes, H. (2003, oppdatert 2007/2012). Fysiologi hos dyr og mennesker. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/zoologi/immun.PDF
Relatert innhald
I dette forsøket skal du teste kor følsam huda di er, ved å registrere korleis du opplever ulike former for berøring.
Vil du finne ut korleis den blinde flekken kan få ei mus til å forsvinne, og korleis hjernen kan lure deg?