Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Den blinde flekken

Vil du finne ut korleis den blinde flekken kan få ei mus til å forsvinne, og korleis hjernen kan lure deg?
Tverrsnitt gjennom eit auge med namn på dei ulike delane. Auget ser mot eit ark med eit kryss og ein sirkel ved sida av kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Tilgjengelegheit

Denne aktiviteten kan vere vanskeleg å gjennomføre for synshemma. Han er ikkje nødvendig for å dekke kompetansemåla som gjeld for oppgåva. Dei blir dekte gjennom arbeid med dei andre ressursane.

Hensikt

I dette forsøket skal du utforske synssansen og korleis den blinde flekken og hjernen kan lure oss.

Utstyr

Papir og blyant. Alternativt kan du studere figurane i vedlegget på pc-skjermen eller skrive det ut.

Framgangsmåte

Sirkel og kryss

Ei kvit flate med eit svart kryss til venstre og ein svart sirkel til høgre. Illustrasjon.
  1. Teikn eit kryss og ein svart sirkel på papiret som vist på figuren.

  2. Hald papiret på ein armlengds avstand frå auga.

  3. Hald for eller lukk venstre auge mens du ser direkte på krysset med det høgre auget. Merk at du òg kan sjå sirkelen.

  4. Fokuser på krysset, men ver merksam på sirkelen mens du langsamt flyttar papiret nærare ansiktet ditt.

  5. Kva skjer med sirkelen? Kan du sjå han heile tida?

  6. Beveg papiret endå nærare ansiktet ditt. Kan du sjå sirkelen no?

Mus i bur og kryss

Eit kryss til venstre og ei mus bak mange strekar (bur) til høgre. Illustrasjon.
  1. Som ein variasjon til dette eksperimentet kan du teikne eit bur med til dømes ei mus som vist på figuren.

  2. Lukk venstre auge og fokuser på krysset mens du flyttar papiret mot ansiktet ditt som over.

  3. Legg merke til om musa forsvinn.

  4. Korleis ser buret ut?

Spørsmål

  1. Forklar kva du opplevde under forsøket.

  2. Lag ei skisse av det som skjer.

  3. Viss du såg eit bur med kontinuerlege strekar utan mus, kan du prøve å forklare korleis det er mogleg.

  4. Kvifor er det ein blind flekk i auget? (Sjå på figuren av auget.)

  5. Forklar kva funksjon sansecellene i auget har, og kvar dei er plasserte.

  6. Kva skjer om du held for det andre auget eller snur arket slik at krysset er på høgre side? Beskriv og forklar det som skjer.

Filer

Kjelde

Grønlien H. & Sandberg, C. (u.å.). Øvelser i sansefysiologi. Skolelaboratoriet i biologi, Universitetet i Oslo. https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/kompendier/ovelser-i-sansefysiologi.PDF

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Heidi Grønlien og Cato Tandberg.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Sansane