Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Design nye øyre!

Kvifor ser øyra til dyra annleis ut enn dine? Korleis ville livet vore viss øyra dine var forma annleis? Lag nye øyre til deg sjølv, og test effekten.
Ein mann held store folda papirøyre framfor øyra sine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

Formålet med denne aktiviteten er at du skal erfare korleis utforminga og plasseringa av øyra påverkar lydbiletet.

Montering

Farga papir, saks, lim, teip og stiftemaskin. Foto.

Bruk materiala du har tilgjengelege, til å lage nye ytre øyre til deg sjølv. Sjå på bilete av dyreøyre viss du treng idéar eller inspirasjon.

Pass på at du ikkje designar dei nye øyra slik at dei dekker opningane til dine eigne øyre.

Utforsk og legg merke til

Samanlikn den normale høyrselen din med det du kan høyre når du bruker dei nye øyra du har laga.

Ein hund med kvit og brun pels, store hengande øyre og korte bein. Foto.
  • Kva skjer når du har høge, tynne øyre som ein hest?

  • Kva skjer når du bruker hengeøyre som ein bassethund?

  • Blir lyden endra om øyra peikar oppover, til sida, nedover, framover eller bakover?

  • Kan du finne opp ei form du ikkje ser i naturen?

  • Byt øra du har laga, med andre for å sjå korleis ulikt forma øyre samlar lyd.

  • Kva er fordelane og ulempene ved å endre forma på øyret ditt? Fungerer eitt design betre enn dei andre?

  • Høyrest ting annleis ut viss du har på deg to ulike typar øyre?

Studer øyra til ulike dyr, og bruk det du har erfart no, til å forklare kvifor dei ulike dyra har den øyreforma dei har.

Øyre med spesielle funksjonar

Du vil sannsynlegvis oppdage at øyredesigna som forsterkar lyden best, er traktforma og har store øyremuslingar/ytre øyreklaffar. Øyra til menneske (og dei fleste dyreøyre) fungerer som trakter og leier lyd inn i det indre øyret. Der blir lydbølgene registrerte og forma om til elektriske signal som hjernen vår kan registrere og analysere.

Nærbilete av hovudet til ei ugle med store gule auge. Foto.

Øyre kan òg fortelje oss om livsstilen til eit dyr. Nokre dyr, som hundar, elefantar og kvalar, kan høyre frekvensar som er både høgare og lågare enn menneskeøyret kan oppfatte.

Hos nokre ugler er det eine øyret litt høgare enn det andre. Dette hjelper dei med å finne posisjonen til byttet mens dei flyg. Dei kan både vurdere plassering i eit vertikalt plan og venstre- og høgre-posisjon.

Grå hare med store øyre som står rett opp. Foto.

Dyr som har veldig store øyre, som hare og rev, kan generelt høyre veldig godt. Store øyre kan bidra til å finne byttedyr, unngå rovdyr og finne artsfrendar.

Afrikansk elefantunge som diar mens mora drikk vatn. Foto.

Store øyre kan òg gi ekstra overflate for å stråle varme bort frå kroppen. Hos dyr som ikkje kan sveitte, kan overflødig kroppsvarme sleppe ut av eit nettverk av blodårer nær overflata til huda.

Elefantar er utstyrte med store, hengande øyre. Dei har svært god høyrsel. Øyra er i tillegg viktig som kjøleorgan og for kommunikasjon (kroppsspråk) på nært hald. Evna elefanten har til å vifte med øyra forsterkar kjøleeffekten, spesielt hos afrikanske savanneelefantar som har dei største øyra. Eit rikt nettverk av blodårer transporterer varmt blod til øyra, som altså fungerer som eit kjølesystem når elefantane viftar med øyra.

Tenk gjennom

Du legg kanskje merke til at store "designøyra" forsterkar mykje bakgrunnsstøy. Det same problemet opplever mange som bruker høyreapparat.

Vel deg eit par artar og drøft fordelar og ulemper med plassering og utforming av øyra deira.

Kjelde

Exploratorium Teacher Institute. (u.å.). Designer Ears. Henta 19. september 2022 frå https://www.exploratorium.edu/snacks/designer-ears

CC BY-NC-SASkrive av Exploratorium Teacher Institute og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 19.09.2022

Læringsressursar

Sansane