Hopp til innhald

Fagstoff

Lydnivå og høyrselsskadar

Lydbølgjer med høg frekvens oppfattar vi som lyse tonar, mens lydbølgjer med låg frekvens opplevast som djupe tonar. I tillegg varierer styrken på lyden. Bråk og høg lyd over tid kan skade høyrselen. Stadig fleire unge får høyrselsskadar av høg musikk. Redusert høyrsel kan også vere medfødd.

Frekvens og styrke

Gutt som lytter på høy musikk gjennom øretelefoner. Foto.

Ulike lydar har forskjellige frekvensar og styrkar. Frekvensen til ei lydbølgje bestemmer tonehøgda. Frekvens er svingingar per sekund og blir målt i hertz (Hz). Mennesket kan ikkje oppfatte lydar ved alle frekvensar.

Ungdom oppfattar lydbølgjer med svingingar på 20–20 000 Hz, men etter kvart som vi blir eldre, mister vi evna til å høyre lydar med høge frekvensar. Ein person som har passert 60 år, høyrer vanlegvis ikkje frekvensar over 10 000 Hz.

Fortetting av gassmolekyler der lydbølgen brer seg som en trykkbølge. Illustrasjon.

Lydstyrken (lydtrykk) er òg med på å bestemme om vi høyrer ein lyd eller ikkje. Lydstyrken blir målt i desibel (dB) og har ein . Han er bestemt av kor tett molekyla er pressa saman ved kvar fortetting i ei lydbølgje. Ein gjennomsnittleg person kan høyre lydar ned til 0 dB. Viss lydstyrken kjem opp i 85 dB eller sterkare, kan det gi varige høyrselsskadar. Ein vanleg samtale ligg på cirka 50 dB.

Figur av høyreområdet målt i desibel og frekvens med døme på ulike lydkilder. Motorsykkel har høg desibel, men låg frekvens. Hvisking har låg desibel, men høg frekvens. Eit menneskeskrik har både høg desibel og høg frekvens.Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det indre øret

Modell fra det indre øret: basilarmembranen og sneglehuset. Illustrasjon.

Ulike frekvensar stimulerer forskjellige sanseceller på basilarmembranen.

Dei høgaste frekvensane blir registrerta nærmast det ovale vindauuet, mens dei lågaste frekvensane blir registrerte nærmast spissen av sniglehuset.

Hørselstest

Undersøking av høyrselen til ei ung jente. Foto.

Høyrselsevna blir ofte målt ved audiometri, der ein måler kor følsam ein er for tonar ved forskjellige frekvensar. Ved kvar frekvens blir lydstyrken senka gradvis til ein finn den svakaste tonen som forsøkspersonen oppfattar.

Resultatet 0 dB indikerer normal høyrsel, men er resultatet høgare enn 20 dB, betyr det at vedkommande har nedsett høyrsel.

Prøv ut

Det finnes en rekke ulike mobilapper for å måle lydstyrke i desibel og frekvens i hertz. Test lydstyrker og frekvenser i flere rom og fra ulike kilder.

Høyrselsskadar

Gruppearbeid med 7 ungdommar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Høyrselstap er uttrykk for ein tilstand der ein person har delvis eller fullstendig tap av evna til å oppfatte lydar. Tilstanden kan vere medfødd eller komme frå skadar eller sjukdom. Det er vanleg å skilje mellom to hovudtypar, nemleg mekanisk høyrselstap og nevrogent høyrselstap.

Mekaniske skadar er fysiske hindringer som gjer at lydbølgjene ikkje når fram til det indre øyret.

Øyreverk renn ut av øyret. Foto.

Dette omfatter skadar og blokkeringar i sjølve øyregangen (voks, betennelse), skadar på trommehinna og skadar i mellomøyret (forkalkingar, bro og betennelse).

På biletet ser du at øyrebetennelse har danna hol på trommehinna.

Cochlea implantat. Foto.

Nevrogent høyrselstap kjem av skadar i dei delane av nervesystemet som omfattar lyd. Dette kan vere skadar i det indre øyret eller i høyrselsbanane. Skadane kan vere medfødde eller komme av for eksempel slag mot hovudet, støy eller sjukdom (svulst, hjernehinnebetennelse).

Tinnitus (øyresus) er ei oppleving av lyd som ikkje skriv seg frå ytre påverknad. Det er forstyrringar i nervesystemet som gjer at dei med tinnitus høyrer susing, piping og ringing i øyrene.

Høyrselstap kan ein i mange tilfelle behandle eller operere, og det finst hjelpemiddel som og som er med på å forsterke lyden som oppfatta. I tillegg finst det ei rekkje andre tekniske hjelpemiddel som kan gjere kvardagen lettare for dei med svekt høyrsel.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2023

Læringsressursar

Sansane