Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kan vi lure hjernen?

I dette forsøket skal vi prøve å manipulere hjernen ved å gi visuelle og sensoriske signal som overstyrer kunnskapen hjernen har om eigen kropp. Dette kan gi illusjon av at ei framand hand tilhøyrer ein sjølv.
Forsøksoppsett der den ekte venstre handa til forsøkspersonen er skjult og erstatta med ei synleg gummihand. Ein annan person bruker penslar til å stryke fingrane på den ekte skjulte handa og den falske handa synkront. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gummihånd-illusjon – den framande handa

I dette eksperimentet skal vi prøve å manipulere hjernen til å tru at den falske handa er ein del av eigen kropp. Gjennom syn og hudkjensle kan vi få hjernen til å overføre dei registrerte sanseinntrykka til den synlege falske handa mens den ekte handa er skjult.

Effekten blir endå meir forbløffande når vi testar om nålestikk, kulde og varme kjennest i den ekte handa eller i den falske synlege handa.

Forklaring til filmen

Det er eit bord med ei gummihand og ein person som set seg og legg handa si på bordet. Dei to hendene ligg på kvar si side av ein skiljevegg slik at personen berre ser gummihanda.

Eit klede dekker over begge hendene fram til handleddet slik at gummihanda ser ut som ho høyrer til testpersonen.

Ein annan person bruker to penslar til å stryke synkront på fingrane til gummihanda og den ekte handa.

Hensikt

Hensikta med dette forsøket er at du skal få erfaring og reflektere over korleis sanseinntrykk kan manipulere hjernen.

Framgangsmåte

Eske med eit hol i den eine enden og full opning i den andre enden. Illustrasjon.
  1. To personar jobbar saman og sit på kvar si side av eit bord. Deltakaren som skal testast, legg begge hender på bordet. Den eine handa skal skjulast bak eit skjermbrett eller i ei eske som på biletet. No skal den eine handa berre vere synleg og tilgjengeleg for den som leier forsøket.

  2. Den kunstige handa blir plassert slik at ho ser mest mogleg ekte ut og "erstattar" den handa som er skjult. Dekk overgangen frå skuldra med eit plagg og bruk gjerne genserermet fram mot gummihanda. No ligg det to synlege hender på bordet, ei ekte og ei falsk.

  3. Du som gjennomfører forsøket, startar no med å stryke med ein pensel eller ei fjør på den skjulte ekte handa og den falske. Det er viktig at du stryk på akkurat same måte og same stad på dei to hendene som er to venstrehender eller to høgrehender.

  4. Etter ei stund kan du spørje om testpersonen kjenner at du stryk. Litt seinare kan du gjenta spørsmålet når du berre stryk på den falske handa.

  5. Viss svaret er ja, kan du stryke berre på den skjulte handa og spørje om hen kjenner det. Viss de har klart å lure hjernen til å tru at gummihanda høyrer til kroppen, kan svaret no bli nei. Det betyr at testpersonen ikkje kjenner berøring av den ekte handa.

  6. No kan du halde fram med å teste med ei knappenål, ein isbit eller noko varmt i den falske handa og deretter i den ekte. Kvar kjennest stikket, kulda eller varmen?

  7. Viss du vil avslutte med ein kraftig smertetest, kan du ta fram hammaren og gjerne gi eit forvarsel om at du vil teste smertekjensla utan å skade (berre på den falske handa), og deretter slå på gummihanda. Korleis blir reaksjonen?

Drøft det som skjer

  1. Vart gummihanda oppfatta som eigen kroppsdel med kjensler? Kor lenge måtte du stryke før det skjedde?

  2. Korleis er det mogleg å kjenne berøring og smerte i gummihanda mens den ekte handa ikkje registrerer berøring eller smerte?

  3. Korleis blir energien frå reseptorar i sansecellene sendt og registrert som berøring, smerte eller kulde?

Metoden er nyttig i forsking og behandling

I dette forsøket har du framkalla ein illusjon gjennom virtuell verkelegheit. Dette blir omtalt som Body transfer illusion (kroppsoverføringsillusjon).

Forsking

Trikset med falsk hand har blitt brukt til å studere signalaktiviteten i hjernen ved hjelp av MR-skanning mens forsøket går føre seg. Forskinga bidreg til å avdekke korleis hjernen forstår kroppen, og korleis han kombinerer informasjon frå sansane for å skape ei kjensle av kroppseigarskap.

Behandling av fantomsmerter

Metoden har òg blitt nytta for å behandle opplevinga av fantomsmerter frå ein mista kroppsdel. Då blir det brukt spegel for å gi visuell tilbakemelding av den manglande lemmen. Det gir personen mogelegheit til å "sjå" den manglande handa og å manipulere ho i eit forsøk på å lindre smerte eller ubehag.

VR som metode i behandling

VR (virtuell verkelegheit) blir òg nytta til å behandle fantomsmerter på ein liknande måte. Då får brukaren "sjå" den manglande kroppsdelen i den virtuelle verda og kan manipulere han slik dei ønsker.

Inspirasjon

Viss du vil sjå filmar av andre som har gjennomført dette forsøket, kan du søke på "Rubber hand illusion".

Kjelder

Body transfer illusion. (2023, 10. mars). I Wikipedia https://en.wikipedia.org/wiki/body_transfer_illusion

Kammers M. P. M., Vignemont F. Verhagen L. & Dijkerman H. C. (2009). The rubber hand illusion in action. Neuropsychologia, 47 (1), 204 – 211. https://doi.org/10.1016/j.neuropsychologia.2008.07.028

Rohde, M., Di Luca, M. & Ernst, M. O. (2011). The Rubber Hand Illusion: Feeling of Ownership and Proprioceptive Drift Do Nót Go Hand in Hand. PLoS ONE, 6(6), Artikkel e21659. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0021659

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 01.06.2023

Læringsressursar

Sansane