Disseksjon av auge
Formålet med denne øvinga er å lære om oppbygginga og funksjonen til auget.
Ta bilete, lag skisser og noter undervegs i prosessen slik at du kan dokumentere funn.
Bruk figuren av anatomien til auget til hjelp under disseksjonen.
Undersøk utsida av auget.
Prøv å finne senehinna (sclera) og hornhinna (cornea).
Finn festepunkt for musklane som styrer rørslene til auget. Kor mange festepunkt finn du?
Finn synsnerven. Kva farge har han, og kor tjukk er han?
Sjå korleis eit bilete blir danna på netthinna bak i auget.
Bruk saksa til å reinske auget for feitt og musklar.
Bruk skalpellen til å snitte opp eit firkanta vindauge (sider på ca. 0,5 cm), over synsnerven bak på auget. Fjern alle hinner slik at du kjem inn til glaslekamen.
Hald auget slik at pupillen peikar mot eit tent stearinlys. Sjå gjennom holet og prøv å få auge på biletet som blir danna på netthinna. Korleis ser dette ut?
Prøv å identifisere dei ulike delane av auget.
Snu auget og sjå på pupillen. Kva form har han?
Lag eit snitt der senehinna møter hornhinna. Kutt til væska inni auget (aqueous humor) blir frigjort.
Rotér auget og kutt rundt hornhinna. Ver forsiktig så du ikkje øydelegg linsa. Når hornhinna losnar, ta tak i midten av hornhinna og kutt ho laus. Kva farge har hornhinna?
Når hornhinna er fjerna, er neste trinn å ta ut regnbogehinna (iris). Kva farge har ho?
Opne auget ved å dele det i ein forpart og ein bakpart. Ta ut glaslekamen (vitreous humor) og legg han i begerglaset med vatn.
Finn linsa.
Korleis ser linsa ut?
Sjå gjennom linsa mot stearinlyset. Korleis blir biletet?
Undersøk årehinna og netthinna.
Vreng bakre del av auget og studer den svarte årehinna (choroidea). Prøv å finne eit blågrønt fargelag.
Netthinna er vanskeleg å sjå (gråbrun masse). Prøv å finne den blinde flekken der dei kvite nervetrådane forsvinn ned i synsnerven.
Tansberg, C. & Vidnes, B. (u.å., revidert 20. juni 2016 av Gregers, T. F.) Disseksjon som metode, Forslag til praktiske øvelser i biologi 1. Avdeling for biologididaktikk/Skolelaboratoriet for biologi, UiO. https://www.mn.uio.no/ibv/om/skolelab/kompendier/disseksjon-som-metode.PDF