Sansane
Sansane er ein del av nervesystemet. Dei fangar opp informasjon frå omgivnadene og formidlar denne som signal til sentralnervesystemet. Dei fem sansane våre er å sjå, høyre, lukte, smake og føle, men nokre dyr har andre sansar. Sanseceller finst både rundt omkring i kroppen og samla i organ.