Hopp til innhald
Fagartikkel

Cellekjernen og ribosoma

Cellekjernen fungerer som ein slags kommandosentral som gir all informasjon som skal til for å danne og drifte heile organismen. Det gjer han ved å skru av og på ulike gen og dermed regulere kva protein som blir produserte av cellene sine "proteinfabrikkar", ribosoma.

Cellekjernen beskyttar DNA og styrer aktiviteten i cella

Cellekjernen er ofte plassert midt i cella. Han inneheld arvematerialet (DNA) til heile organismen, og dermed all informasjon som er naudsynt for å få cella til å fungere, vekse og reprodusere seg. Ein dobbel kjernemembran omgir cellekjernen og beskyttar DNA-et. Kjernemembranen har små porer der all transport inn og ut av kjernen blir kontrollert.

Cellekjernen fungerer som ein kommandosentral som indirekte styrer alle cellefunksjonane ved å ved å skru av og på ulike gen og dermed regulere produksjonen av protein.

Transkripsjon – kopiering av DNA til mRNA

Ved produksjon av protein lagar cella ein enkelttråda kopi av eitt gen i form av eit bodbringar-RNA (mRNA). Denne kopieringa frå DNA til RNA er første del av proteinsyntesen og blir kalla transkripsjon. mRNA-et er lite nok til at det slepp gjennom kjernemembranen og ut i cytosol, mens "originalen" (DNA-et) ligg trygt lagra inne i cellekjernen.

Nukleolus lagar rRNA og ribosom

Inne i cellekjernen finn du òg ein struktur som blir kalla kjernelekamen eller nukleolus. Her blir ribosomalt RNA (rRNA) danna frå spesielle gen og sett saman med protein for å lage ribosom. Hos eukaryotar består ribosoma av to delar. Desse delane blir frakta ut av kjernen kvar for seg før dei blir sette saman til ferdige ribosom i cytosol.

Ribosom – organellar som driv proteinsyntese

Ribosoma er små, kornforma organellar som har som hovudoppgåve å produsere protein. Ribosoma er derfor ein sentral del av cella, og det finst mange av dei.

Translasjon – omsetjing av mRNA til protein

Gjennom proteinsyntesen set ribosoma den genetiske koden om frå mRNA til protein. Denne prosessen blir kalla translasjon. Translasjonen går føre seg ved at ribosomet omgir eit enkelttråda mRNA og les av den genetiske koden, mens ribosomet flytter seg bortover langs mRNA-tråden.

Aminosyrer blir henta frå cytosol av eit transport-RNA (tRNA) og bind seg til ribosomet i den rekkjefølgja basane på mRNA angir (A bind seg til U, og C til G). Når mRNA-et er ferdig avlese og alle aminosyrene er sette saman, må polypeptidkjeda foldast for at proteinet skal bli aktivert.

Ferdigstilling av protein

Folding og ferdigstilling av protein skjer både i kornete endoplasmatisk retikulum (kornete ER) og i golgiapparatet. Kornete ER har fått namnet sitt fordi ribosoma gir plasmanettverket ei ru eller kornete overflate. Andre ribosom finst fritt i cytoplasmaet og produserer protein som skal brukast direkte i cytosol.

Ulike protein gir ulike cellefunksjonar

Celler med ulike funksjonar produserer ulike protein sjølv om mange av proteina er dei same. Celler i bukspyttkjertelen produserer til dømes insulin, mens nokre hudceller produserer fargestoffet melanin.

Organellar som mitokondriar (hos plantar og dyr) og plastid (hos plantar) har sine eigne ribosom.

Relatert innhald