Hopp til innhald
Fagartikkel

Plastid – kloroplast, leukoplast og kromoplast

Plastid er små organellar som er involverte i syntese og lagring av næringsstoff, og vi finn dei i celler hos organismar med fotosyntese, slik som plantar og algar. Det finst ulike plastid med ulike oppgåver.

Plastid

Plastid er små organellar omgitt av ein dobbeltmembran i celler hos organismar med fotosyntese, slik som plantar og algar. Det finst ulike typar plastid som kvar har sin spesielle funksjon:

  • kloroplastar – driv fotosyntese

  • leukoplastar – lagar og lagrar ulike kjemiske samband

  • kromoplastar – gir farge til blomstrar og frukt

Plastida har eige DNA, ribosom og evne til å dele seg. Dei har truleg oppstått ved endosymbiose der ein fotosyntetiserande bakterie, cyanobakterie, har vorte omgitt av ei eukaryot celle.

Proplastid – opphavet til alle typane plastid

Alle typar plastid har opphavet sitt i uspesialiserte plastid som blir kalla proplastid. Proplastida er å finne i meristemceller hos fotosyntetiserande organismar. Meristemceller er spesialiserte celler som aktivt inngår celledeling og dermed gir opphav til nye planteceller. Det er plasseringa av cella i organismen som avgjer kva type plastid proplastida skal utvikle seg til.

Viss den organismen som driv fotosyntese, får for lite lys, vil proplastida bli omdanna til etioplastar. Etioplastane kan vidare bli omdanna til kloroplastar viss organismen blir utsett for lys.

Kloroplastar — organellar som driv fotosyntese

Kloroplastar er organellar som driv fotosyntese i alle grøne plantedelar. Dei omdannar energi frå sollyset til kjemisk energi i cellene ved å produsere glukose som vidare blir omdanna til dei energirike molekyla som blir kalla (adenosintrifosfat) i mitokondriane.

Fotosyntese

Fotosyntese er prosessen der plantar og ulike algar bruker energi frå sollys og karbondioksid frå lufta til å produsere oksygen og glukose.

6H2O + 6CO2 + solenergi C6H12O6 + 6O2

Det er hovudsakleg klorofyllpigmenta som fangar opp energi frå sollyset og driv lysreaksjonen i fotosyntesen. For at det skal vere mogleg å drive fotosyntese, trengst det svært mange aktive protein, og enzym, mellom anna det viktige enzymet som bind CO2 frå lufta.

Talet på kloroplastar varierer i ulike celletypar, der eincella algar vanlegvis har éin kloroplast mens nokre planteceller kan ha opptil 100.

Du får lære meir om fotosyntesen i biologi 2.

Leukoplastar – lagar og lagrar ulike kjemiske samband

Leukoplastar er fargelause plastid som lagar og lagrar ulike kjemiske samband. Dette kan til dømes vere plantehormon, eteriske oljer, protein eller stivelse. Kjertelceller i kjertelhår på blad, stenglar og blomstrar har spesielt mange leukoplastar. Dette er celler som er involverte i formeiringa eller immunforsvaret til plantane. Desse cellene lagar og skil ut ulike kjemiske samband for å tiltrekkje seg insekt og fremje formeiring eller for å støyte frå seg ulike planteeterar.

Amyloplastar inneheld stivelse

Leukoplastar som kan omdanne sukker til stivelse for vidare lagring, blir gjerne kalla amyloplastar. Det er spesielt mange amyloplastar i frø og røter. Kvar amyloplast inneheld eitt eller fleire stivelseskorn, der forma på stivelseskorna er artsavhengig. Hos potet er dei ovale, hos bygg, rug og kveite er dei runde eller linseforma.

Kromoplastar – gir fargar til frukt og blomstrar

Kromoplastar inneheld karotenoid, som er feittløyselege fargepigment i fotosyntetiserande organismar. Karotenoid gir gule, oransje og raude fargar på blomstrar, frukt, bær, grønsaker og røter. I tillegg vernar karotenoida organismane mot å få for mykje sollys.

Fotosyntetiserande organismar med andre fargar kjem av ein annan type fargepigment som blir kalla antocyaninar. Antocyaninar er vassløyselege fargepigment som er oppløyste i vakuolen.

Dyr som et plantar med mykje kromoplastar eller antocyaninar, kan ta til seg ulike fargar. Dette blir til dømes avspegla hos farga insekt, i fuglefjør og på raudfargen i muskulaturen til laks.

Omdanning frå eitt plastid til eit anna

Under ulike utviklingsstadium eller ved miljøforandringar kan ulike plastid endre den opphavlege rolla si.

Døme:

  • I modningsprosessen hos appelsinar, tomatar og bananar blir grøne kloroplastar til gule, oransje eller raude kromoplastar.

  • Når poteter blir utsette for lys, blir amyloplastar omdanna til grøne kloroplastar.

  • Hos blomsterplantar som har spirt i mørket, vil etioplastar bli forma om til kloroplastar når planten får lys.

Relatert innhald

Fagstoff
Fotosyntese

Fotosyntesen er ein biokjemisk prosess kor lysenergi blir omdanna til kjemisk energi. Karbondioksid og vatn blir omdanna til sukker og oksygen.