Øvingsoppgåver – oppbygginga og den indre strukturen til cellene
Kva er hovudforskjellane mellom prokaryote og eukaryote organismar?
Forklar utviklinga frå prokaryote til eukaryote organismar.
Kva er ei celle?
Forklar omgrepet organell, og lag ei liste over alle strukturane og organellane som ei eukaryot celle består av.
Teikn ei dyrecelle, og set namn på alle delane.
Forklar hovudforskjellane mellom ei plantecelle og ei dyrecelle.
Forklar oppbygginga og hovudoppgåvene til
cellemembranen
cellekjernen
mitokondriane
endoplasmatisk retikulum
golgiapparatet
vakuolar og andre vesiklar
Kva for ein organell er det omgrepa nedanfor beskriv? Forklar kva som blir meint med desse omgrepa:
kontrollsenter – DNA-et sin tilhaldsstad – proteinfabrikk – pakkesentral – kraftstasjon – reinhaldsarbeidar – reisverk
Teikn og forklar proteinsyntesen steg for steg ved å bruke desse omgrepa:
cellekjerne – kjernemembran – DNA – ribosom – mRNA – tRNA – rRNA – aminosyrer – protein – cytosol
Alle celler treng energi. Korleis går energiproduksjonen føre seg i dei to ulike typane eukaryote celler?
Kva er den viktigaste oppgåva til kloroplastane?
Kva rolle speler lysosoma i ei celle?
Kvifor er lysosoma viktige i fosterutviklinga?
Kva ville skjedd om lysosoma hadde slutta å bryte ned gamle og utslitne celler?
Kvifor er peroksisoma så viktige for stoffskiftet?
Kva nytte har plantane av celleveggen?
Kva består celleveggen av hos
plantar?
sopp?
brunalgar?
Kva kallar vi opninga gjennom celleveggen som bind plantecellene saman med kvarandre, og kva blir ho brukt til?
Kva finst utanpå cellemembranen hos dyreceller, og kva betydning har dette?
Kva struktur gjer det mogleg for sædcellene å symje fram til eggcella?
Lag ein oppsummerande tabell over alle organellane. Skriv kva hovudoppgåver organellane har, og kvar vi finn dei. Denne kan vere fin å bruke som repetisjon og førebuing til prøver.
Ta gjerne utgangspunkt i tabellen under:
Organell | Hovudoppgåver | Kvar? |
---|---|---|
Cellemembran | Cellemembranen omgir alle celler og dannar ei beskyttande yttergrense for dei indre strukturane av cellene. Han kontrollerer transport ut av og inn i cella. | Alle eukaryote celler |
Cellekjerne |