Hopp til innhald

Fagstoff

Celleanding og lagring av energi

Celleandinga er kjemiske reaksjonar som skjer i cellene, og som frigjer energi frå næringsstoffa. Mykje av den frigjorde energien blir deretter lagra igjen i små molekyl som blir kalla ATP. ATP transporterer energien til dei delane av cella som treng energien.
To ungdommar joggar i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Celleanding blir òg kalla forbrenning

Enzym katalyserer alle reaksjonane slik at dei kan skje ved kroppstemperatur. Gjennom mange reaksjonar blir næringsstoff og oksygen danna om til karbondioksid og vatn. Dermed blir det frigjort mykje energi. Dersom cellene ikkje får nok oksygen, kan cellene danne om glukose til mjølkesyre, men då blir det frigjort mykje mindre energi.

Aerob celleanding

Aerob celleanding skjer i alle cellene i kroppen vår.
Forbrenninga treng oksygen, og avfallsstoffa er karbondioksid og vatn.

glukose + oksygen → karbondioksid + vatn + energi

C6H12O6 + 6O2 → 6CO2 + 6H2O + energi (meir enn 30 ATP)

Cellene kan forbrenne både karbohydrat, feitt og protein. Ein stor del av den aerobe celleandinga finn vi i mitokondriane. Det blir frigjort mykje energi, og det blir danna over 30 ATP. Til dømes har muskelceller mange mitokondriar, for dei treng mykje energi, i motsetning til feittceller som har lite behov for energi og derfor har færre mitokondriar.

Glukose og oksygen blir tekne opp av ein organisme. I mitokondriane blir glukose og oksygen omdanna til karbondioksid, vatn og energi i form av ATP. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Anaerob celleanding

Anaerob celleanding skjer i muskelceller som ikkje får nok oksygen. Forbrenninga bruker ikkje oksygen og gir mykje mindre energi enn aerob celleanding. Reaksjonane skjer berre i cytoplasmaet i cellene. Glukosen blir berre broten ned til mjølkesyre, som etter kvart vil hope seg opp og hemme aktiviteten i musklane. Cellene klarer derfor ikkje å drive anaerobt muskelarbeid så lenge om gongen.

glukose → mjølkesyre + litt energi

C6H12O6 → 2C3H6O3 + energi (2 ATP)

Energilagring i cellene

Cellene har spesielle energiberande molekyl som er korttidslager for energi. Dei har som funksjon å overføre kjemisk energi frå eitt molekyl til eit anna inne i cella. Det viktigaste av desse er ATP (adenosintrifosfat). I ATP ligg energien lagra og er klar til bruk. Når cella treng energi, blir ATP spalta til ADP (adenosindifosfat) og ei fosfatgruppe under frigjering av energi:

ATP → ADP + fosfat + energi

ATP blir spalta til ADP og P, og energi blir frigjort. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

ATP kan samanliknast med eit lite, ladd batteri som kan ladast opp, og ADP kan samanliknast med eit slikt utladd batteri. ADP kan nemleg ladast opp på ny til ATP når næringsstoff forbrenn i mitokondriane:

ADP + fosfat + energi → ATP

ADP reagerer med P ved hjelp av energi og dannar ATP. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

Gregers, T. F. (2023, 20. april). Celleånding. I Store norske leksikon. http://snl.no/celleånding

Relatert innhald

Fotosyntesen er ein biokjemisk prosess kor lysenergi blir omdanna til kjemisk energi. Karbondioksid og vatn blir omdanna til sukker og oksygen.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Bønes. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 18.05.2023

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur