Fotosyntese

Frå lysenergi til kjemisk energi
I fotosyntesen blir karbondioksid (CO2) og vatn (H2O) omdanna til glukose (druesukker) (C6H12O6) og oksygen (O2) ved hjelp av energi frå sollys:
6CO2 + 6H2O + lysenergi → C6H12O6 + 6O2
Fotosyntesen blir vanlegvis forbunde med grøne plantar og algar, men enkelte bakteriar kan også utføre fotosyntese. Sidan energien til å drive fotosyntesen kjem frå sola, kan vi seie at nesten all energi som er lagra i plantar kjem frå solenergi. Når plantar utfører fotosyntese, blir noko av denne energien lagra som kjemisk energi i organiske sambindingar.
Vi er avhengige av energi og oksygen frå plantane
Fotosyntesen finn stad inne i planteceller i spesielle organellar som blir kalla kloroplastar. Kloroplastane inneheld klorofyll, eit grønt fargestoff som fangar opp lysenergi og gir plantane grønfarge. Autotrofe organismar kan byggje organiske sambindingar frå uorganiske karbonkjelder, vanlegvis CO2. Plantar bruker lysenergi til dette gjennom fotosyntesen. Plantar, algar og einskilde bakteriar er autotrofe.
Dyr, menneske, soppar og mange mikroorganismar er heterotrofe organismar. Dei treng organiske sambindingar frå andre organismar som karbonkjelde, men kan omdanne desse til eigne organiske sambindingar.
Alt vi et heng direkte eller indirekte saman med fotosyntesen. Sjølv om vi et kjøt, kjem energien i kjøtet opphavleg frå plantar som har bunde solenergi gjennom fotosyntesen. Fotosyntesen produserer også oksygenet som dei fleste organismane treng til celleanding.
Relatert innhald
Lag mikroskoppreparat av ulike planteceller, og bli kjend med oppbygging og indre struktur hos planteceller.
Celleandinga er kjemiske reaksjonar som skjer i cellene, og som frigjer energi frå næringsstoffa. Forbrenning er eit anna ord for celleanding.

