Cytosol og cytoskjelettet - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Cytosol og cytoskjelettet

Det indre holrommet i cella er fylt med organellar, eit nettverk av proteinfibrar og ei geléaktig væske som blir kalla cytosol. Cytosol saman med alle dei indre strukturane i cella, med unntak av cellekjernen, blir gjerne kalla cytoplasma.

Cytosol fyller holromma i cella

Cytosol er ei geléaktig væske som opptek omtrent halvparten av volumet i alle celler og fyller rommet mellom cellemembranen og alle dei indre strukturane av cella. Denne væska av frittflytande molekyl som vatn, protein, næringsstoff og oppløyste salt er viktig for at cella skal halde oppe eit stabilt indre miljø. Cytosol er òg ein viktig del av n i cella.

Cytosol saman med alle dei indre strukturane av cella, bortsett frå cellekjernen, blir gjerne kalla cytoplasma.

Cytoskjelettet bidreg til rørsle, fasong og mekanisk styrke

Cytoskjelettet (òg kalla celleskjelettet) er eit nettverk av proteinfibrar som fyller store delar av cytosol. Proteinfibrane er dynamiske og blir bygde opp og brotne ned etter behov. Dette gjer det mogleg for cella å vekse, utvikle seg og bevege seg.

Cytoskjelettet består hovudsakleg av tre typar proteinfibrar:

  • mikrotubuli

  • aktinfilament

  • intermediære filament

Kvar av dei tre typane har ulik oppbygning og funksjon i cella.

Mikrotubuli — ankerfeste, celledeling og langtransport

Mikrotubuli hjelper cella å halde på fasongen og bidreg med mekanisk styrke. Dei fungerer som ankerfeste og held dei ulike organellane på plass, og speler ei aktiv rolle i splittinga av kromosoma under celledelinga ved å danne sentriolar. Vidare dannar mikrotubuli ferdselsårer for motorprotein som driv langtransport av membranblærer (vesiklar) og protein mellom ulike delar av cella.

Aktinfilament — form og rørsle

Aktinfilamenta utgjer den største delen av cytoskjelettet. Desse proteinfilamenta er svært fleksible og bidreg i utvikling og endring av forma av cella. Det er spesielt mykje aktinfilament i muskelceller, då desse proteinfibrane er viktige for muskelsamantrekking. Aktinfilament dannar òg ferdselsårer for motorprotein som driv transport av vesiklar og protein over korte avstandar.

Intermediære filament — motstår strekk og gir styrke

Intermediære filament er ei variert gruppe proteinfibrar som bidreg til mekanisk styrke. Det er mellom anna desse proteinfibrane som byggjer opp hår og negler.


Relatert innhald

Skrive av Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021