Eukaryote celler - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Eukaryote celler

Plantar, dyr og sopp er saman med organismane som høyrer til slimriket, urdyrriket og det gule riket, bygde opp av eukaryote celler og har dermed mange fellestrekk i oppbygning og indre struktur.

To hovudtypar eukaryote celler

Eukaryote celler er velorganiserte komplekse einingar og verkar nesten som eit lite samfunn. I kvar enkelt celle går det føre seg uendeleg mange prosessar heile tida: kopiering av arvestoff, produksjon av riktige protein og transport til riktig stad, der alt er styrt etter behov til kvar tid. Fleire av desse prosessane er organiserte i spesialiserte "organ" som blir kalla organellar. I eincella organismar fungerer ei celle åleine, mens i fleircella organismar kommuniserer og samarbeider cellene med kvarandre.

Vi skil gjerne mellom to hovudtypar eukaryote celler:

  • dyreceller
  • planteceller

Sjølv om både dyr og plantar består av eukaryote celler, har dei nokre karakteristiske forskjellar i oppbygning og indre struktur som mellom anna gjer at dyr kan bevege seg rundt, mens plantar står stille og driv fotosyntese.

Bli kjend med dei eukaryote cellene

Indre struktur og oppbygning

Alle eukaryote celler består av tre hovuddelar:

  • ein ytre cellemembran som avgrensar det indre miljøet av cellene frå dei ytre omgivnadene kring cellene
  • ein membranavgrensa cellekjerne som vernar arvematerialet og styrer all celleaktivitet
  • ei geléaktig væske som omgir cellekjernen og fleire andre cellestrukturar med spesialiserte funksjonar

Dyreceller

Dyrecellene er beskytta av cellemembranen, og rundt cellene er det vevsvæsker. At dyrecellene har ein elastisk ytre membran, gir dei større moglegheiter til å danne spesialiserte celletypar enn plantecellene har. I staden for cellevegg har dyrecellene fleire andre ytre strukturar kalla ekstracellulær matriks og glykokalyks som gir dei vern.

Dyrecellene har lysosom, spesialiserte organellar som bryt ned makromolekyl og avfallsstoff. Dei har òg spesielle strukturar kalla sentriolar som dannar spindeltrådar og trekkjer kromosoma frå kvarandre under celledelinga.

Nokre dyreceller har i tillegg bevegelege ytre strukturar som bidreg i forflytting av ulike molekyl eller til å bevege cella sjølv.

Dyreceller har lysosom, sentriolar, ekstracellulær matriks, glykokalyks, ciliar og flagellar, noko som ikkje finst i planteceller.

Planteceller

Plantecellene har ein stiv og robust ytre cellevegg som reduserer opptak av vatn og gjer at plantane kan stå oppreist trass i gravitasjonskrafta. Celleveggen gjer at plantecellene ikkje kan bevege seg fritt, men ligg tett inntil nabocellene sine og blir forbundne med kvarandre gjennom opne kanalar kalla plasmodesmata.

Planteceller manglar lysosom, men har i staden utvikla store vakuolar som har overteke funksjonen til lysosoma. Det er kloroplasten som står for fotosyntese, og han blir derfor gjerne kalla den fotosyntetisarende organellen.

Planteceller har cellevegg, store vakuolar, kloroplastar og plasmodesmata, noko som ikkje finst i dyreceller.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Teikn og forklar eukaryote celler

Teikning er eit nyttig verktøy for å lære, hugse og kommunisere med andre. Arbeid saman med ein medelev, og utforsk dei eukaryote cellene.

Oppgåver og aktivitetar
Forsøk: Utforsk planteceller

Lag mikroskoppreparat av ulike planteceller, og bli kjend med oppbygging og indre struktur hos planteceller.

Skrive av Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 20.03.2021