Microscopya - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Spill

Microscopya

I Microscopya reiser du rundt i ei celle og utforskar dei ulike delane ho består av. Det viser seg at cella ikkje fungerer som ho skal. Klarer du å få ho i gang igjen?

Om spelet

I Microscopya reiser du rundt i ei celle og utforskar prosessar som bidreg til energiproduksjon. Undervegs får du utfordringar som du må løyse, for det viser seg at cella ikkje fungerer som ho skal. Klarer du å få cella i gang igjen?

Gjennom dette spelet lærer du

  • korleis ulike organellar i cellene verkar kvar for seg, og korleis dei verkar saman for å produsere energi

  • korleis modellar kan brukast for å representere verkelege prosessar

Før du speler, kan det vere fint å ha jobba med oppbygnaden til ei dyrecelle og å ha litt kjennskap til prosessar i cellene.

Slik speler du Microscopya

  • Beveg deg rundt ved å trykke på skjermen eller ved å bruke mus eller peikeplate.

  • Det tek 30 minutt å spele spelet. Undervegs skal du innom ulike stader i cella, der du må løyse oppgåver.

Spel Microscopya

Du kan spele Microscopya i nettlesaren eller på mobilen.

Spelet Microscopya

Spelet er på engelsk, men alle faguttrykka er nesten dei same som på norsk.

Etter å ha spelt

Jobb med omgrep og prosessar

  1. Lag ei liste over sentrale fagomgrep i spelet. Skriv forklaringar til omgrepa.

  2. Kva for nokre ulike prosessar måtte du "reparere" for å få cella til å fungere igjen?

  3. Vel ein prosess som du beskriv i detalj. Kva rolle speler denne prosessen i cella?

  4. Skriv ei attforteljing av det du opplevde i spelet. Bruk relevante faguttrykk.

  5. Bruk attforteljinga til å lage ein kort film som tek for seg hendingsgangen i spelet. Bruk skjermbilete og legg på forteljarstemme med utgangspunkt i attforteljinga di.

Bruk av modellar

  1. På kva måte bruker spelet modellar?

  2. Vel modellen som blir brukt i ein av desse prosessane:

  • mikrotubuli

  • mitokondrium

  • elektrontransportkjeda

  • compleks I

  • compleks III

  • compleks IV

  • ATP-synstase

  • motorprotein

Peik på fordelar og ulemper ved denne modellen.

Kva skjer vidare?

Tenk dykk at de er spelutviklarar og skal bygge vidare på dette spelet. Kva skjer vidare? Kva prosessar ville de teke med? Korleis kunne desse prosessane blitt framstilte ved hjelp av modellar i spelet?

Relatert innhald

Fagstoff
Mitokondriar

Mitokondriane er energikraftverket i cellene. Ved bruk av oksygen produserer dei energi (ATP) frå næringsstoffa organismen et.

Fagstoff
Cytosol og cytoskjelettet

Det indre holrommet i cella er fylt med organellar, eit nettverk av proteinfibrar og ei geléaktig væske som blir kalla cytosol.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2022