Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikn og forklar eukaryote celler

Teikning er eit nyttig verktøy for å lære, hugse og kommunisere med andre. Arbeid saman med ein medelev og utforsk dei eukaryote cellene ved hjelp av teikning.
Gut teiknar ei celle i notatboka si. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utforsk eukaryote celler gjennom teikning

Ved å teikne blir du tvinga til å studere cella grundig. Det viktigaste i denne oppgåva er ikkje at teikninga nødvendigvis skal bli fin, men at ho skal bli så tydeleg som mogleg. Derfor er det viktig å tenkje gjennom kor mykje informasjon som skal til for å formidle dei ulike organellane og cellestrukturane på best mogleg måte.

Korleis kan du illustrere oppbygging og struktur av ei eukaryot celle på ein enkel og tydeleg måte slik at medelevane dine kan lære noko av teikninga di?

Arbeid saman to og to

  1. Teikn ei celle kvar – den eine teiknar ei dyrecelle og den andre ei plantecelle.

  2. Byt teikning med medeleven din og set namn på dei ulike cellestrukturane og organellane i figuren han/ho har teikna.

  3. Forklar korleis cella er bygd opp, ved hjelp av teikninga du har sett namn på. Stemmer namnsetjinga og tolkinga di av figuren med det medeleven din ønskte å kommunisere?

  4. Jobb saman og beskriv rolla til dei ulike delane i cella, og forklar korleis desse fungerer.

  5. Kva er karakteristisk for planteceller og dyreceller?

Tips!

Heng gjerne opp cellebileta i klasserommet når dei er ferdige. Kanskje de kan lage ein plakat som pyntar opp og kan brukast til repetisjon?

Relatert innhald

Plantar, dyr og sopp er, saman med nokre fleire organismar, bygde opp av eukaryote celler og har dermed mange fellestrekk i oppbygning og indre struktur.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Hilde Ervik og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur