Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Undersøk organellar som lagrar stivelse

Stivelse er eit produkt som blir danna gjennom fotosyntesen og er energilageret i plantar. Plantar har derfor eigne organellar for lagring av stivelse. I dette forsøket skal du bli kjend med organellane som er ansvarlege for lagring av stivelse ved å studere ulike planteartar under mikroskop.

Formål

Bli kjend med dei celleorganellane som er ansvarlege for lagring av stivelse, og undersøk samanhengen mellom cellestruktur og funksjon.

Framgangsmåte

  1. Skjer eit tynt tverrsnitt gjennom lagringsvevet eller lagringsorganet til dei ulike plantane. Prøv å få snitta så tynne som mogleg, helst tynnare enn 1 mm. Det er lurt å lage fleire snitt samtidig, då er sjansen større for å få eit fint preparat.

  2. Legg eitt preparat på kvart sitt objektglas, tilsett nokre dropar vatn, og plassar dekkglaset slik at du ikkje får nokon luftbobler under glaset, som vist i illustrasjon a.

  3. Sjå på dei ulike preparata under mikroskopet med låg forstørring. Auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

  4. Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet, og beskriv kva du observerer.

  5. Tilsett eit par dropar kaliumjodidløysing og trekk det gjennom preparatet ved å bruke filterpapir på den andre sida, som vist i illustrasjon b.

Resultat og spørsmål

  • Kva celleorganellar er det som står for å lage og lagre ulike kjemiske samband i plantar?

  • Kva celleorganellar er ansvarlege for lagring av stivelse? Kor mange stivelseskorn finn du i organellane hos dei ulike plantane?

  • Kva er formålet med å studere lagringsvev eller lagringsorgan frå ulike plantearter?

  • Forklar prosessen frå produksjon til lagring av sukkermolekyl hos plantar.

  • Kvifor er det gunstig for plantane å lagre sukkermolekyl som stivelse i staden for som andre typar sukkermolekyl, til dømes monosakkarid?

  • Forklar dei ulike omgrepa stivelse, amylose, amyloplaster og amylase. Kan du finne ein samanheng mellom omgrepa?

Tips!

Viss de har eit mikroskop med polarisator (polarisasjonsfilter), kan det vere spennande å undersøkje stivelseskorn. På grunn av den krystallinske strukturen sin kan dei nemleg lys.

Relatert innhald