Hopp til innhald

Fagstoff

Cellemembranen

Cellemembranen omgir alle celler og dannar ei vernande yttergrense for dei indre strukturane i cellene. Cellemembranen er viktig for vern, kommunikasjon og transport inn i og ut av cella.
Byggesteinane i cellemembranen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Cellemembranen – vernande yttergrense

Alle celler har ein cellemembran. Cellemembranen avgrensar cellene frå omgivnadene og vernar innhaldet ved at han skaper og held oppe eit stabilt indre miljø. Dette gjer han ved å kontrollere transporten av stoff inn i og ut av cella. Cellemembranen deltek òg i kommunikasjonen med andre celler ved at karbohydrat og protein på overflata reagerer på ulike signalmolekyl.

Fosfolipid er både vass- og feittløyselege

Oppbygging av fosfolipid der fosfat og glyserol utgjer eit hovud, mens to lange feittsyrekjeder festa til hovudet minner om to halar. Illustrasjon.

Cellemembranen er bygd opp av to lag med fosfolipid som gjer membranstrukturen fleksibel.

Fosfolipida har eit "hovud" som er vasstiltrekkande (hydrofilt) og to feittløyselege "halar" som er vassavstøytande (hydrofobe). Dei feittløyselege delane i fosfolipida står vende inn mot sentrum av membranen og dannar eit hydrofobt midtsjikt. Overflatene på den doble membranen er derimot hydrofile, fordi dei vassløyselege delane vender ut mot omgivnadene på den eine sida og inn mot det indre av cella på den andre sida.

Denne oppbygninga gjer at cellemembranen kan styre transport inn i og ut av cella. Feittløyselege stoff kan lett passere gjennom, mens vassløyselege stoff ikkje kan passere utan hjelp frå protein.

Membranprotein har ulike funksjonar

Protein utgjer omtrent 50 prosent av massen til membranen. Membranproteina har mange ulike funksjonar. Til dømes finst det fleire typar ionekanalar som bidreg til transport av vassløyselege stoff som ion, karbohydrat og aminosyrer gjennom cellemembranen. Ein annan type membranprotein er spesialiserte reseptorar, som deltek i kommunikasjon med andre celler ved å respondere på hormon og andre signalmolekyl.

Andre fosfolipidmembranar

Fleire av organellane inne i cella er òg omgitt av ein dobbel fosfolipidmembran. Desse liknar cellemembranen, men utvalet av membranprotein, karbohydrat og mengda kolesterol kan variere. Kolesterol er eit feittmolekyl som avstivar og forsterkar membranen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Tone Pedersen Rangul og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur