Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gjett omgrepet!

Spel på lag og øv på omgrep i faget. Kan du forklare omgrepet ved bruk av synonym, motsetningar og hint, slik at laget ditt gjettar riktig?
Fire jenter sit rundt eit bord med mange papirlappar på. Dei ser opp og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips!

Lappar med omgrep kan anten skrivast ut og klippast opp av lærar på førehand, eller dei kan lagast saman med elevane før spelet startar.

Spelereglar

Gå saman i grupper på fire eller fleire. Spelet er eit lagspel. Del kvar gruppe inn i to lag. Bli samde om når spelet skal vere slutt: når alle omgrepa er forklarte, når timen er slutt, eller når eit lag har fått 20 poeng.

Gangen i spelet

  1. Lag 1 byrjar. Ein på laget trekker ein lapp med eit omgrep, og stoppeklokka startar. Stoppeklokka blir sett på 1 minutt per runde.

  2. Personen som trekte lappen, skal no forklare omgrepet til laget sitt UTAN å seie ordet som står på lappen. Det gjeld å forklare ved hjelp av synonym, motsetningar og hint, slik at medspelarane på laget forstår og gjettar omgrepet.

  3. Når omgrepet er gjetta, trekker same person ein ny lapp. Her gjeld det å vere rask og forklare godt, slik at laget kan gjette så mange omgrep som mogleg før tida går ut.

    • Viss tida går ut mens eit omgrep blir forklart, kan motstandarlaget òg bli med og gjette på dette omgrepet. Viss motstandarlaget gjettar riktig først, får dei dette poenget.

    • Viss ein person trekker eit omgrep hen ikkje kjenner, kan det leggast tilbake i skåla, men laget får eitt minuspoeng per omgrep som ikkje blir fullført.

  4. Når stoppeklokka ringer, byter de. Då er det ein person på lag 2 som skal trekke lappar med omgrep og forklare omgrepet så godt hen kan, til sitt lag.

  5. Det er viktig at de rullerer slik at alle på laget får både forklare omgrep og gjette.

Oppsummering av poengrekning

Berre heilt korrekte svar blir godkjende, det vil seie berre omgrep som er nøyaktig likt det som står på lappen.

  • Kvart lag får 1 poeng per forklart og riktig gjetta omgrep.

  • Kvart lag får 1 minuspoeng for kvart omgrep som blir lagt tilbake.

  • Vinnarlaget er det laget som har flest poeng når det er tomt for omgrep, det laget som har forklart flest omgrep når timen er slutt, eller første lag som får 20 poeng. Dette blei de samde om før de byrja å spele.

Ferdige lapper

Bruk dei ferdige lappane under, eller lag eigne tilpassa det de jobbar med.

Celler

Filer

Økologi og biologisk mangfald

Filer

Hormon

Filer

Kjelde

KURT – Kompetansesenter for undervisning i realfag og teknologi. Universitetet i Oslo. (2019, (2019, 26. mars). Fagbegreper. https://www.mn.uio.no/kurt/utdanningsutvikling/aktiv-lering/fagbegreper/

CC BY-SASkrive av Hans Otto Böhm og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 19.01.2023

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur