Hopp til innhald

Fagstoff

Celleveggen

Plantar, sopp og algar har ein ytre cellevegg på utsida av cellemembranen. Sidan plantar ikkje har moglegheit til å bevege seg rundt, er celleveggen det første forsvaret til plantane mot abiotiske og biotiske faktorar. Celleveggen vernar cellene og stivar av planten.
Blad med eit tydeleg heksagonalt mønster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Celleveggen er karakteristisk for planteceller

Celleveggen er ein robust struktur på utsida av cellemembranen hos plantar, sopp og algar. Han vernar cella og gir ei fleksibel støtte som held planten oppreist trass i gravitasjonskrafta, vêr og vind. Celleveggen gir cellene fast form og hindrar at dei tek opp så mykje vatn at dei sprekk. Han vernar òg til ei viss grad mot uttørking, UV-stråling og angrep frå sopp og andre mikroorganismar.

Oppbygning av celleveggen

Planteceller bruker mykje av energien sin på å produsere komponentar til celleveggen. Celleveggen hos plantar består hovudsakleg av karbohydrata cellulose, hemicellulose og pektin, men inneheld òg fleire protein.

Tverrsnitt av cellevegg hos plante. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Cellulose utgjer hovudstrukturen i celleveggen. Cellulosefibrar blir bundne saman til eit nettverk, der hemicellulose held nettverket saman. Heile celleveggnettverket er omgitt av ein geléaktig masse som består av fleire ulike polysakkarid under samlenemninga pektin.

Primær og sekundær cellevegg

Nettverk av små sirkulære celler, med store celler i sentrum. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved celledeling blir det først danna ein tynn primærvegg. Når cella er utvaksen, blir det danna ein tjukkare sekundærvegg på innsida av primærveggen. Fleire celletypar, mellom anna , blir etter kvart innleira av det organiske sambandet lignin. Lignin bind seg til cellulose og styrkjer celleveggen slik at planten kan vekse i høgda, og bidreg i forsvar mot nedbryting frå sopp. Lignin verkar som betong i celleveggen, mens mikrofibrillar av cellulose fungerer som armeringsjern.

Ulike celleveggkomponentar

Samansetninga av ulike komponentar i celleveggen varierer frå celletype til celletype og frå art til art. Mosar manglar til dømes lignin i celleveggen sin, noko som gjer at dei har lita moglegheit til å vekse i høgda og derfor er små i storleik. Sopp har gjerne kitin, eit seigt nitrogenhaldig polysakkarid, i staden for cellulose. Brunalgar inneheld eit alginat, ein karbohydrattype som gjer algane smidige.

Transport og kommunikasjon mellom planteceller

Vatn og oppløyste stoff kan bevege seg forholdsvis lett i cellevegger utan lignin. Dette har stor betydning for vasstransport mellom cellene.

Plasmodesmata

Plantevev av fleire planteceller. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Celleveggen gjer at plantecellene ikkje kan bevege seg fritt, men ligg tett inntil nabocellene sine som blir forbundne gjennom opne kanalar kalla plasmodesmata.

Plasmodesmata er små opningar gjennom celleveggen og cellemembranen mellom naboceller. Desse opningane mogleggjer rask kommunikasjon og transport mellom celler gjennom cytosol, og gjer at store delar av planten heng saman. Ulempa er at det aukar faren for spreiing av virus.

Plasmodesmata blir stengde under vinterkvilen hos tre og rundt skadeområdet viss plantevev blir skadd.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Tone Pedersen Rangul og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 24.05.2021

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur