Hopp til innhald

Fagstoff

Endoplasmatisk retikulum (ER) og golgiapparatet

Både endoplasmatisk retikulum (ER) og golgiapparatet er membransystem med væskefylte kanalar og blærer. Begge har ei rolle i ferdigstillinga av protein. ER har viktige transportoppgåver mellom kjernen og ribosoma, mens golgiapparatet driv transport til andre organellar eller ut av cella.
Mikroskopbilete av kanalar med små ribosom på overflata. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endoplasmatisk retikulum (ER) – plasmanettverket

Endoplasmatisk retikulum (ER), òg kalla plasmanettverket, er eit membransystem som består av væskefylte kanalar og blærer som fungerer som eit transportsystem inne i cella. Rommet mellom membranane blir kalla lumen. Nettverket fyller store delar av cytoplasmaet og heng saman med den ytre kjernemembranen.

ER blir delt inn i to typar:

  • glatt ER – utan ribosom på overflata
  • kornete eller ru ER – har ribosom på overflata

Dei to nettverka er bygde opp på liknande måte, og dei heng saman og glir over i kvarandre, men har svært ulike funksjonar.

Øvst ein folda membran med prikkar som illustrerer ribosom på kornete endoplasmatisk retikulum (ER). Denne membranen heng saman med ein glatt membran som illustrerer glatt endoplasmatisk retikulum. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Glatt ER – produksjon og omsetning

Det glatte nettverket er involvert i produksjon og omsetning av stoff som karbohydrat, feittsyrar, fosfolipid og kjønnshormon. Giftstoff frå medisinar og rusmiddel er eit døme på stoff som blir brotne ned i glatt ER.

I tillegg til nedbryting går det òg føre seg produksjon av til dømes mjølk i mjølkekjertelcellene i glatt ER. Konsentrasjonen av kalsiumion (Ca2+), som har betydning for mellom anna muskelsamantrekkingar, blir òg regulert her.

Kornete ER – transport og lagring

Tre ulike protein med ulike "adresselappar". Illustrasjon.

Kornete ER er involvert i proteinsyntese ved at det transporterer mRNA frå cellekjernen og ut til ribosoma, før det sorterer, vidaresender eller lagrar ferdige protein. Protein blir frakta rett frå ribosoma og inn i lumen av ER. Her blir proteina falda og ferdigstilte. Mange får "adresselappar" i form av sukkermolekyl som blir festa på proteina. Dette gjer at cella kan sortere dei ulike proteina, pakke dei i små blærer som blir kalla vesiklar, og sende dei til riktig "adresse" når dei skilst ut frå plasmanettverket.

Ribosom på det kornete nettverket produserer mellom anna membranprotein og protein som skal brukast utanfor cella, slik som fordøyingsenzym og nokre hormon.

Golgiapparatet: pakkesentralen i cella

Transport av protein gjennom ulike strukturar i cella. Illustrasjon.

Golgiapparatet driv ferdigstilling av protein før vidare sortering og transport til rett stad. Golgiapparatet liknar ein tallerkenstabel og består av mange flate membransekkar (sisterner), røyr og membranblærer (vesiklar). Vesiklar blir danna etter avsnøring frå golgiapparatet eller ER, og held innhaldet sitt skilt frå cytosol.

Vesikkeltransport og ferdigstilling av protein

Vesiklar med nye protein frå ER smeltar kontinuerleg saman med membransekkar i golgiapparatet. I golgiapparatet får proteina påkopla karbohydrat og fosfatgrupper. Dette gjer at dei blir falda og får ein funksjonell struktur slik at dei blir klare til bruk eller får eit signal om vidare transport. Proteina skal anten brukast i golgiapparatet, i andre organellar eller sendast ut av cella.

Protein som skal skiljast ut av cellene, blir avsnørte i vesiklar som seinare smeltar saman med cellemembranen slik at innhaldet kan tømmast på utsida av cella. Denne prosessen blir kalla eksocytose.

Golgiapparatet er òg ein stad for lagring av protein og produksjon av komplekse molekyl som til dømes polysakkarid som inngår i celleveggen.

Ulike celler har ulike behov

Talet på golgiapparat i ei celle varierer med kva oppgåver cella har, sidan oppgåvene styrer transportbehovet. Kjertelceller har spesielt mange golgiapparat fordi dei er utvikla til å skilje ut ulike hormon og andre signalmolekyl til omgivnadene sine.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur