Hopp til innhald

Fagstoff

Samandrag – oppbygninga av og den indre strukturen i cella

Dette samandraget gir deg oversikt over det viktigaste fagstoffet i introduksjonsemnet om celler: oppbygning og indre struktur.
Prokaryote celler (bakteriar) har ingen cellekjerne eller andre organellar med membranar rundt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Celler

Cella er den grunnleggjande eininga for alt liv. Alle levande organismar består av éi eller fleire celler.

  • Eincella organismar består av berre éi celle.

  • Fleircella organismar er komplekse organismar som består av mange ulike celletypar. Cellene samarbeider med kvarandre og er organiserte i vev og organ.

Frå prokaryote til eukaryote organismar

Lenge var prokaryote celler den einaste forma for liv på jorda. Etter millionar av år utvikla dei seg til meir komplekse celler: dei eukaryote cellene. I dag består alt levande liv av eit samspel mellom prokaryote og eukaryote celler.

Utviklinga av eukaryote celler med mitokondriar og kloroplastar frå enkle prokaryote celler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Prokaryote organismar består av små, enkle celler med få indre strukturar og ingen cellekjerne. Alle prokaryote organismar er eincella og omfattar organismegruppene bakteriar og erkebakteriar.

  • Eukaryote organismar består av komplekse celler med fleire indre cellestrukturar, organellar og ein avgrensa cellekjerne. Dei kan vere eincella eller fleircella, og dei omfattar organismegruppene dyr, plantar, sopp og dei tre små rika.

Fellestrekk ved alle celler

Trass i stor variasjon har alle celler nokre fellestrekk i oppbygning. Desse dannar grunnlaget for funksjonen til cella:

  • Alle cellene stammar frå den første cella, den såkalla urcella.

  • Dei har ein cellemembran som dannar ei avgrensing mellom cella sitt indre og omgivnadene.

  • Dei har arvemateriale som inneheld den genetiske koden til cella.

  • Dei tek opp næring frå omgivnadene, driv metabolisme, slepp ut avfallsstoff og lagar eigne protein.

  • Dei kan kommunisere med omgivnadene sine.

  • Dei har evna til å reprodusere seg ved celledeling.

  • Dei har ei bestemt levetid før dei gjennomgår ein kontrollert celledød.

Eukaryote celler – oppbygning og struktur

Både dyr og plantar består av eukaryote celler, men dyreceller og planteceller har nokre karakteristiske forskjellar i oppbygning og indre struktur som gjer at vi skil mellom dei to hovudtypane.

Dyreceller har lysosom, sentriolar, ekstracellulær matriks, glykokalyks, ciliar og flagellar, noko som ikkje finst i planteceller.

Planteceller har cellevegg, store vakuolar, kloroplastar og plasmodesmata, noko som ikkje finst i dyreceller.

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2021

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur