Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kvar får paprika fargen frå?

Har du tenkt over kva som gir paprikaen ulike fargar? I dette forsøket skal du undersøkje celler i paprika med ulik farge for å bli kjend med dei ansvarlege celleorganellane.
Paprika i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

Bli kjend med dei celleorganellane som gir farge til paprika, og undersøk samanhengen mellom cellestruktur og funksjon.

Framgangsmåte

  1. Lag eit mikroskopipreparat for kvar paprikafarge.

    1. Skjer eit tynt tverrsnitt gjennom fruktkjøttet. Prøv å få snitta så tynne som mogleg, helst tynnare enn 1 mm. Det er lurt å lage fleire snitt samtidig, då er sjansen større for å få eit fint preparat.
    2. Legg preparatet på objektglas, tilsett nokre dropar vatn og plassar dekkglaset slik at du ikkje får nokon luftbobler under glaset.
  2. Raude korn kalt kromoplastar. Desse cellestrukturane gir den raude fargen til raud paprika. Foto.

    Sjå på dei ulike preparata under mikroskopet med låg forstørring. Auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

  3. Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

Resultat og spørsmål

  • Kva strukturar i cella er ansvarlege for dei ulike fargane til ein paprika?

  • I tillegg til at dei gir farge, har disse strukturane andre cellefunksjonar. Gi ei skildring av dei ulike funksjonane.

  • I kva for nokre eukaryote celler finn vi desse celleorganellane?

  • Forklar kvifor det ikkje dreier seg om ulike paprikaartar, men om den same frukta.

  • Kvifor er umodne frukter hovudsakleg grøne mens modne frukter har farge?

  • Tenk på ei frukt. Finn ut kva for ein cellestruktur som er ansvarleg for fargen til frukta du tenkjer på.

  • Forklar samanhengen mellom kromoplastar og årstida haust.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hans Otto Böhm.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur