Hopp til innhald

Fagstoff

3D-animasjon frå det indre livet i ei celle

Denne fantastiske videoen viser det indre livet i ei celle . Filmen er laga av professor Robert A. Lue ved Harvard University. Nyt filmen og la deg fascinere.

Omtale av filmen – Kva er det vi ser?

The Inner Life of the Cell er ein 3D-datagrafikkanimasjon på 8,5 minutt. Videoen viser ei mengde strukturar som er i rørsle, den fleksible cellemembranen og cytoskjelettet i ei celle.

Mikrotubuli

Mikrotubuli er proteinstrukturar som dannar cytoskjelettet i cella. Desse strukturane held mellom anna organellane på plass og er viktige transportvegar som blir bygde opp og brotne ned etter behov. Vi ser eit motorprotein som fraktar ein vesikkel ved å krype langs mikrotubuli.

Ribosom

Mange ribosom driv proteinsynstese samtidig. Dei les av mRNA og set saman aminosyrer til proteintrådar. Vi ser òg mitokondriar og golgiapparatet der nokre vesiklar blir snørte av, mens andre smelter saman med golgiapparatet.

Kvite blodceller

Filmen illustrerer òg dei molekylære mekanismane som oppstår når ei kvit blodcelle i ei blodåre blir aktivert av betennelse. Blodcella rullar langs innsida av eit kapillær, flatar ut og klemmer seg igjennom kapillærveggen til staden med betennelse der ho bidreg til immunreaksjonen.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2023

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur