Hopp til innhald

Fagstoff

Mitokondriar

Mitokondriane er energikraftverket i cellene. Ved bruk av oksygen hentar mitokondriane ut energi frå næringsstoffa organismen et, og dannar dei om til energi (ATP). Energiproduksjonen skjer ved hjelp av fleire hundre typar enzym og andre protein som blir laga av mitokondriane sine eigne ribosom.
Celleorganellen mitokondrie. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mitokondriar – energikraftverket i cellene

Mitokondriane produserer energi som cella vidare bruker i ulike prosessar. Ved hjelp av oksygen kan mitokondriane produsere energirike molekyl som blir kalla (adenosintrifosfat) frå næringsstoffa organismen et. ATP er eit av dei viktigaste molekyla i cella fordi det blir brukt i prosessar som vekst og utvikling, celledeling, transport av stoff og produksjon av protein. Den kjemiske omdanninga av næringsstoff til energi blir kalla celleanding.

Mitokondrie med forstørret membran for å tydeliggjøre membranoppbygningen med en ytre membran og en foldet indre membran. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Form tilpassa funksjon

Mitokondriane har ein bønneliknande utsjånad med ein dobbel fosfolipidmembran. Den inste membranen er sterkt falda og skaper ei stor membranoverflate som effektiviserer produksjonen av ATP og andre enzymstyrte reaksjonar i cella. I det inste av romma, kalla matriks, finst mellom anna fleire hundrevis av enzym og ribosom som er sentrale for energiproduksjonen.

Utan oksygen stoppar energiproduksjonen

Utan tilgang på oksygen stoppar produksjonen av ATP i mitokondriane. Dei første trinna i celleandinga () går føre seg i cytosol og er ikkje avhengige av oksygen, men denne anaerobe prosessen kan ikkje vare lenge. Energiproduksjon utan oksygen gir lite energi (ATP) og mykje avfallsstoff i form av mjølkesyre.

Mengd av mitokondriar ut frå energibehov

Farga mikroskopbilde frå ei nyrecelle som viser mitokondriar tett i tett og nokre lysosom. Illustrasjon.

Talet på mitokondriar i ei celle varierer med kva oppgåver cella har, fordi oppgåvene styrer energibehovet. Ei muskelcelle har derfor langt fleire mitokondriar enn ei hudcelle, og raude blodceller er heilt utan mitokondriar. Mitokondriane har sitt eige DNA og produserer derfor nokre eigne protein.

Endosymbioseteorien – utviklingshistoria til dei eukaryote cellene

Det at mitokondriane har ein dobbel fosfolipidmembran, sitt eige DNA og ribosom, gjer at denne organellen er i nær slekt med prokaryote celler. Dette dannar grunnlaget for , som beskriv utviklinga av eukaryote celler.

Relatert innhald

Celleandinga er kjemiske reaksjonar som skjer i cellene, og som frigjer energi frå næringsstoffa. Forbrenning er eit anna ord for celleanding.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle, Tone Pedersen Rangul og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 09.04.2021

Læringsressursar

Oppbygning og indre struktur