Hopp til innhald

Fagstoff

Den deriverte til ein konstant funksjon

Ein konstant funksjon inneheld ikkje den uavhengige variabelen x.

Ein konstant funksjon, f(x), har ingen variabel x og inneheld berre ein konstant k.

fx=k

Den deriverte til ein konstant funksjon blir 0.

f'x=0

Her ser du tre døme:

Døme 1Døme 2Døme 3Funksjonengx=3hx=πpx=3π2Den deriverteg'x=0h'x=0p'x=0

Grafen til ein konstant funksjon

Grafen til funksjonen g av x er lik 3 er teikna for x-verdiar mellom minus 5 og 40. I tillegg er den horisontale linja y er lik 3 teikna. Grafen til funksjonen p av x er lik 3 multiplisert med parentes pi parentes slutt i andre er teikna for x-verdiar mellom minus 5 og 40. I tillegg er den horisontale linja y er lik 3 pi i andre teikna. Illustrasjon.

Grafen til ein konstant funksjon er ei vassrett linje. Han er ein lineær funksjon fordi grafen består av ei rett linje.

Fordi linja er rett, har ho lik stiging heile vegen, og sidan denne linja er vassrett, er stigingstalet lik 0. Derfor er den deriverte til ein konstant funksjon lik null. Tangenten til linja er sjølve linja.

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2021

Læringsressursar

Derivasjonsreglar og deriverbarheit