Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis skrive retorisk analyse av ein verbaltekst?

Korleis skal du gå fram når du skal skrive ein analyse av ein tekst som prøver å overtyde deg om noko? Her skal du både lese ein modelltekst og reflektere over kvifor teksten er god.

Ein bekymra ung mann

Kva tenkjer du på når du høyrer ordet "likestilling"? Det er store sjansar for at tankane går mot kvinnekamp, 8. mars og demonstrasjonar. Vi har blitt vande til å forbinde ordet likestilling med angrepet til kvinnene på eit samfunn som har undertrykt dei. Men 15-åringen Oskar Macdonald Dunlop meiner det er på tide å tenkje på gutane. 27. mai 2019 fekk han publisert lesarinnlegget "Som ungdomsskoleelev traff kjønnskampen meg hardt" på Aftenpostens Si ;D-sider.

Hovudsynet i lesarinnlegget er at problema til menn blir gløymde i likestillingskampen. Dunlop har sett dokumentaren "Kjønnskampen", som meiner å ha bevis for at mange av likestillingskampane for kvinner berre er mytar. Dunlop viser til eiga røynsle og seier at han har sett mange unge gutar med problem. Han ønskjer altså å rette fokuset mot det som blir kalla "det sterke kjønnet".

Sidan innlegget er publisert på Aftenposten Si ;D-sider, ei debattside for ungdom, kan vi seie at målgruppa er unge menneske i heile Noreg. Også avsendaren er ung, berre 15 år gammal. Han er ingen kjend fagperson som er ekspert på likestilling, noko som kan tyde på at den innleiande etosen hans er svak. På same tid er han jo nettopp ein av dei som både dokumentaren og eige innlegg handlar om, noko som styrkjer autoriteten hans. Vi må jo høyre på dei som kjenner problema på kroppen.

I teksten appellerer Dunlop i hovudsak til patos for å overtyde oss om saka si. Det verkemiddelet han bruker mest for å vekkje kjensler, er ekspressivt språk. Allereie i overskrifta får lesaren innsikt i korleis dokumentaren Kjønnskampen påverka kjenslene hans: "Som ungdomsskoleelev traff kjønnskampen meg hardt". Han fortel òg om eiga "bekymring", at han blir provosert og "har følt mye på". Ved å fortelje om eigne såra kjensler ønskjer han å vekkje mottakarane si medkjensle for både seg sjølv og andre gutar. Han framstiller situasjonen som urettferdig og vil slik vekkje lesarane.

Dei konkrete døma frå dokumentaren "Kjønnskampen" speler òg på kjensler. Dunlop fortel nemleg at kjendiskvinnene Sigrid Bonde Tusvik og Zara Larsson seier slemme ting om menn "med et smil om munnen" og "til rungende applaus". Dei verdiladde orda i skildringane her, kombinert med at Dunlop bruker orda "provoserande" om eigne kjensler, skal òg provosere lesarane. Kvinnene verkar slik som vondskapsfulle og ufølsame, i motsetning til til dømes Dunlop sjølv. Kontrasten mellom reaksjonane til desse kvinnene og Dunlops bekymring er ein type skjult argumentasjon som skal styrkje etosen hans: Han bryr seg, medan dei gjer narr av.

På same tid avsluttar han dette resonnementet ved å spele på fornufta når han skriv "Hvis lignende karakteristikk hadde blitt brukt av en mannlig popartist mot kvinner, hadde reaksjonene mest sannsynlig ikke latt vente på seg." Her snur Dunlop situasjonen på hovudet og vil få oss til å tenkje: "Kva om ein mann hadde sagt det same?"

Dunlop bruker òg logosargumentasjon på andre måtar. Han bruker premissar som "Likestilling skal styrke begge kjønn" og viser til statistikk for å konkludere med at "Menns problemer har altfor lenge blitt oversett. Det er på tide å gjøre likestillingsloven likestilt." Dette skal vere ein fornuftig konklusjon, på same tid som det å setje orda "likestillingslov" og "likestilt" saman er skjult argumentasjon: Er det ikkje sjølvsagt at ei "likestillingslov" skal likestille? Den siste setninga er som eit fornuftig slagord som speler på kjenslene våre.

Det ekspressive språket blir òg brukt for å styrkje avsendaren sin etos. Han verkar omsorgsfull og ein som bryr seg om dei som har det vanskeleg når han skriv at han sjølv trivst godt på skulen, men "ser (...) flerfoldige eksempler på elever som sliter med skolen". I tillegg låner han etos av NRK sin dokumentar Kjønnskampen. Han fortel om både eigne reaksjonar og legg fram fakta frå dokumentaren for å argumentere for at samfunnet må bry seg meir om gutane. Han bruker altså NRK sin logosargumentasjon i eigen tekst. Ved å bruke fakta frå ein dokumentar som blei send på ein påliteleg kanal – NRK, verkar han som sannferdig og truverdig.

Når det gjeld den retoriske situasjonen, er denne prega av to element: At avsendaren er ein ung gut som kjenner på urettferd, og at det nettopp har blitt send ein dokumentar om gutar og likestilling på NRK. Dunlop har dermed vald riktig augeblink for å skrive teksten: Han kan både fortelje om eigne kjensler og låne autoritet frå dokumentaren. Om innlegget hadde blitt skrive utan at NRK hadde send dokumentaren, hadde kanskje innlegget blitt avfeia som det Sigrid Bonde Tusvik kallar det når menn fortel om eigne problem – syting?

Eg meiner teksten sin aptum er god. Årsaka er først og fremst at Dunlop har vurdert kairos godt. Mange har nok sett dokumentaren om diskriminering av gutar, og Dunlop grip sjansen til å spele på dei kjenslene han har vekt blant folk. Men kanskje blir det litt mykje ekspressivt språk? Mange vil nok meine at det å bli "provosert" og vere "bekymra" ikkje er gode argument. Det er heller ei skildring av eigne kjensler, som ikkje nødvendigvis er ei riktig skildring av korleis norske gutar har det? På same tid lever Dunlop midt i det dokumentaren handlar om, og då må det kanskje vere lov å fortelje om eigne kjensler for å nå fram med bodskapen?

Alt i alt kjem Dunlop ut av teksten med god avleiande etos. Han bruker både etos, patos- og logosargument. Kanskje klarer han å overtyde fleire om at likestillinga har blitt for kvinnefokusert?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Retorisk analyse