Hopp til innhald
Øving

Tvilsame argumentasjonsknep

Oppgåve

Les gjennom setningane nedanfor. Finn døme på

  • fleirtalsknepet (det fleirtalet gjer, er rett)
  • bruk av autoritetar eller ekspertar
  • utskjelling
  • fordommar
  • mistenkjeleggjering
  • tåkeprat
  • unødvendig vanskeleg språk
  • generelle og lite forpliktande formuleringar

Døme

  1. Alle handverkarar er sleipingar. Dei kjem og går når det passar dei, og dei tek seg altfor godt betalt.
  2. Over 90 % av kundane våre er nøgde.
  3. Primærsatsinga må vere adekvat for den impliserte infrastrukturen.
  4. Eg er den einaste i gjengen som ikkje får lov til å ha med øl på festen!
  5. Ungdommen i dag er ein gjeng arbeidsskye snyltarar. Dei vil helst leve på foreldra sine til dei er 30 år gamle, og ventar at mor og far sørgjer for full service og oppvarting heime.
  6. Bedrifta vil setje i gang strategiske tiltak for å optimalisere yteevna til personalet.
  7. Alle oppegåande menneske i dette landet har jo for lenge sidan skjønt at bileigarane berre er mjølkekyr for staten!
  8. Skulen har som målsetjing å skape eit positivt læringsmiljø der alle elevane kan utvikle seg.
  9. Eg liker best å feriere i Danmark, for danskane er mykje koselegare og meir avslappa enn svenskane.
  10. Alle veit jo at Marthe er medlem av Unge Høgre, så vi får ta den utsegna med ei klype salt ...
  11. Omfanget av tiltaket må stå i forhold til den sannsynleggjorde synergieffekten.
  12. Jamvel statsministeren meiner at vi må reformere trygdeordningane vi har i dag.