Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Chanel – fortent luksus eller hovudlaus shopping?

No skal de sjå ein reklamefilm, besøkje Isabel Raads blogg og lese ei novelle av Nora Lindblad. Det tekstane har felles, er at dei har same hovudrolle: ei Chanel-veske. De skal også diskutere det etiske dilemmaet: Er det greitt å betale 50 000 kroner for ei veske, eller er det hovudlaus shopping?

Tilgjengeligheit

Del 1 i denne oppgåva kan vera vanskeleg å gjennomføre for synshemma. Den er ikkje nødvendig for å dekke kompetansemåla som gjeld for oppgåva. Dei blir dekte gjennom arbeid med dei resterande delane.

Del 1. Ein reklamefilm for Chanel

Sjå reklamefilmen for Chanel over. Diskuter deretter:

  1. Korleis synest de Chanel framstiller produktet sitt i reklamefilmen?

  2. Korleis verkar kvinna i filmen?

  3. Kva assosiasjonar får de til merket Chanel?

Del 2. Kor mykje er det greitt å betale for ei veske?

Ei skinnende, luksuriøs veske i raudt og gull og eit par matchande sko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter i plenum:

  1. Kor mykje meiner de det er greitt å betale for ei veske? Grunngi svaret dykkar.

  2. Er det andre ting enn vesker de meiner det blir brukt uvanleg mykje pengar på?

  3. Viste diskusjonen om spørsmål a) og b) nokon kjønnsforskjellar? I så fall korleis?

  4. Går det an å bli glad i ting? Eller er ein då ein materialist?

  5. Diskuter påstanden under. Er de einige?

Når man kjøper en Chanel-veske, så kjøper man ikke bare en veske, man kjøper en del av en drøm. Det er et statussymbol (Ravneberget, 2018).

Del 3. Isabel Raads veskekjøp

Influensaren Isabel Raad gjekk til innkjøp av ei ny Chanel-veske og skreiv om det på bloggen sin. Les innlegget, og gjer oppgåvene under.

Blogginnlegget "Mitt dyreste kjøp" på Isabel Raads blogg

Arbeid i par:

  1. Vurder samspelet mellom tekst og bilete i blogginnlegget. Kva meiner de Raad ønskjer å oppnå med dette innlegget?

  2. Vurder Raads etos.

  3. Sjå i kommentarfeltet. Kva for nokre ulike reaksjonar får Isabel Raad på innlegget sitt? Kven er de mest einig med? Grunngi svaret dykkar.

Del 4. Ei novelle om å skilje seg frå Chanel-veska si

Ein butikk med ei rekke salsplakatar der det blant anna står "I shop therefore I am". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Novella "Chanel" er skriven av Nora Lindblad. Ho handlar om ei ung kvinne som etter mykje om og men bestemmer seg for å selje Chanel-veska si.

Relatert innhald

Ei novelle om å skilje seg frå Chanel-veska si.

A. Jobb åleine:

Les novella. Svar deretter på desse spørsmåla:

  1. I første del av novella sit hovudpersonen saman med venninna si Ida og kjærasten hennar Sondre. I denne delen blir det antyda kva som er konflikten i novella. Beskriv denne med eigne ord.

  2. Hovudpersonen i novella samanliknar seg med Ida. Korleis vurderer ho seg sjølv i samanlikninga, og kva slags forandring ønskjer ho å gå gjennom?

  3. Veskesalet blir gjennomført, men det er vanskeleg. Kvifor? Grunngi svaret ved å vise til sitat.

  4. Korleis tolkar du slutten?

  5. Motivet i novella er eit vanskeleg veskesal, men kva kan temaet vere? Skriv fritt i fem minutt om dette, og grunngi svaret ved å vise til minst tre sitat.

  6. Samanfatt det du har skrive om temaet, med eitt ord.

B. I plenum:

  1. Alle skriv ned ordet dei skreiv i førre oppgåve, på ein lapp. Ein elev samlar inn lappane og skriv orda på tavla. Viss fleire har skrive det same ordet, kan det markerast med strekar bak ordet.

  2. Diskuter dei ulike tolkingane de har komme med.

Del 5. Hovudlaus materialisme eller velfortent luksus?

A. Jobb åleine:

Skriv ein tekst på ca. 300 ord der du argumenterer for eller mot denne påstanden:

  • Å unne seg vesker til 50 000 kroner er heilt greitt. Alt kjem an på kor mange pengar du har. Ein får som fortent.

Tittelen på teksten din skal vere anten "Hovudlaus materialisme" eller "Velfortent luksus".

B. Jobb i par:

Finn ein i klassen som valde motsett tittel av deg i den førre oppgåva. Les tekstane høgt for kvarandre, og diskuter argumenta dykkar. Målet er ikkje at de skal bli einige, men forstå kvarandre sine argument.

Kjelde

Ravneberget, S. T. (2018, 5. november). Nå øker prisen på disse tidløse Chanel-veskene. Melk & Honning. https://melkoghonning.no/pris-chanel-vesker/

Relatert innhald

Korleis prøver reklame og bloggarar å påverke deg? Her skal du både undersøkje sider du bruker mykje sjølv og sida til ei ung jente som reklamerer for tampong.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2022

Læringsressursar

Retorisk analyse