Oppgåve
Video
Påverkar media deg?
Vi blir bombarderte av inntrykk når vi kikkar på mobilen. Her skal de undersøke dei sidene de vanlegvis besøker og reflektere kritisk over dei.
Del 1: Vurder nettsider
- Gå saman i grupper og lag ei liste over fem til ti nettsider de besøker mykje i løpet av ein dag. Det kan til dømes vere sosiale medium, aviser og Youtube.
- Bli samde om kva for nokre av desse sidene de trur prøver å overtyde dykk om ei sak eller å kjøpe ulike produkt. Det kan òg vere sider som har reklamar som element.
Lag eit produkt som illustrerer korleis nettopp desse sidene prøver å påverke dykk. Det kan til dømes vere:
Ein presentasjon for klassen der de viser korleis nettsidene, eller enkeltelement på nettsidene, prøver å påverke dykk.
Ein kollasj der de set saman utdrag frå sidene.
Ein kort film.
Del 2: Skjult reklame
Sjå videoen under om korleis Youtubarar påverkar følgarane sine.
- Kva seier 15-åringen, Selma, som viser at ho ikkje forstår kvifor Youtubarar reklamerer for produkt?
- Kjenner de til kanalar på Youtube som reklamerer for produkt?
- Kva synest de om at bloggarar og Youtubarar får betaling for å reklamere for varer?
Del 3: Influensarar
I grupper:
Kva for influensarar kjenner de til, og kva er dei kjende for?
Kvar deler dei innhaldet sitt?
Vel dykk ut to influensarar som de ser nærmare på:
Kva slags livsstil viser dei fram?
Kva for produkt bruker dei og viser fram? Tenk på alt frå verktøy til klede og sminke.
Kva synest de om at influensarar får betaling for å vise fram desse produkta?