Diskuter KI-bilete
Del 1: Er det eit problem?
Diskuter i grupper:
Har de sjølve generert bilete ved hjelp av KI? I tilfelle – i kva samanheng var det?
Finst det situasjonar der de meiner det er ein god idé å generere bilete?
Finst det situasjonar der de meiner det er ein dårleg idé å generere bilete?
Har de nokon gong blitt lurte av KI-genererte bilete eller videoar?
Del 2: Generert bilete eller ikkje?
Diskuter i par:
Kva for nokon av bileta i biletserien nedanfor er genererte av KI, og kva for nokon er det ikkje?
Prøv å forklare kva som avslører om bileta er genererte eller ikkje.
Del 3: Ekte menneske?
På nettsida thispersondoesnotexist.com får de opp bilete av menneske som ikkje finst. Om de oppdaterer lenka, kjem det opp eit nytt bilete. Sjå gjennom nokre bilete.
Klarer de å sjå om biletet er KI-generert eller ikkje?
Kvifor eller kvifor ikkje?
Del 4: Er det greitt?
Dei KI-genererte bileta under er eit resultat av ein instruks som ber om ein kombinasjon av eit portrett av Donald Trump og sminka til klovnen Bozo (Bozo the Clown).
Diskuter:
Ville de ha oppdaga at desse bileta var KI-genererte om dei dukka opp ein stad på internett? Grunngi!
Kva trur de personen bak instruksen ønskte å oppnå?
Kva meiner de om å bruke KI til å lage slike karikaturar av ein person?

Del 5: Generer bilete
Når du bruker KI til å lage bilete, baserer roboten seg på store mengder data for å gi deg eit svar på instruksen. Bileta du får, er dei roboten vurderer som mest "sannsynlege". Det betyr at bileta kan forsterke stereotypiar og mangle nyansering. Vurder om det gjeld når du genererer bilete med desse instruksane:
rik person som går langs ein veg
fattig person som går langs ein veg
sjukepleiar som hjelper pasient
bilmekanikar som hjelper kunde
Diskuter:
Korleis blir personane viste i bileta?
Kva tenker de om resultata?
Del 6: Kva kan skje?
Teknologiutviklinga går veldig raskt. Det blir vanskelegare og vanskelegare å sjå om bilete og videoar er laga heilt eller delvis med kunstig intelligens. I del 1 diskuterte de situasjonar der det kunne vere ein god eller dårleg idé å generere bilete med KI.
No som de har sett på ein del døme – har de endra meining?
Kva er det verste som kan skje?
Kva er det beste som kan skje?