Kritisk blikk på KI-genererte tekstar

Dette kan ikkje praterobotane
Det er viktig å forstå at teknologien har avgrensingar. Enkelt forklart "gjettar" praterobotane seg fram til svaret du vil ha. Dei kan eigentleg ingenting, men reknar ut kva som er eit sannsynleg svar. Skal du vere kritisk, må du vite kva roboten slit med.
Ein praterobot
kan ikkje vurdere innhaldet sjølv
har inga bevisstheit og eigne tankar
har ingen fasit å støtte seg til
gjentek feil og fordommar frå dataa han er trent på
gjer berre det du ber om (følger instruksar)
"diktar" når han ikkje finn gode svar, fordi han alltid må svare
kan ikkje skape noko heilt nytt
Forskar og forfattar Inga Strümke, som er ein av Noregs fremste ekspertar på kunstig intelligens, understrekar kor viktig det er å heile tida kvalitetssjekke KI-generert tekst:
Du må jo alltid kvalitetssikre, uavhengig av om du har brukt kunstig intelligens eller en brevdue. (Strümke, sitert hos Aarsæther & Jensen, 2026)
Korleis sjekkar du kvaliteten?
Det tek tid å kvalitetssikre KI-genererte tekstar, men som du ser av lista over, er det nødvendig. Bruk desse råda:
Sjekk kjeldene
Viss roboten oppgir kjelder, som lenker, eller nemner namn, årstal eller titlar på bøker og rapportar, må du søke dei opp sjølv. KI kan finne på truverdige namn på kjelder som ikkje eksisterer i verkelegheita. Finn derfor pålitelege kjelder som bekreftar det same som roboten seier.
Sjekk språket
Praterobotar bruker ofte veldig mange ord på å seie lite. Sjå etter gjentakingar, klisjéar og setningar med lite variasjon. Du kan òg finne døme på anglisismar og setningar som ikkje har heilt korrekt norsk syntaks.
Døme på vanlege språkfeil
Anglisisme: Prateroboten kan skrive "Det gjer meining." (Frå engelsk: "It makes sense"). På korrekt norsk skriv vi "Det gir meining".
Særskriving: Prateroboten kan skrive "KI generert tekst" eller "fotball trenar". På korrekt norsk skriv vi "KI-generert tekst" og "fotballtrenar".

Vurder logikken
Hugs at roboten har gjetta neste ord, han har ikkje tenkt og resonnert. Sjå derfor nøye på argument og påstandar i teksten. Skjønner du logikken? Er påstandane godt grunngitte? Er konklusjonane logiske?
Døme på svak logikk
Prateroboten kan drive med sirkelargumentasjon: "Boka er spennande fordi ho inneheld spennande ting." Han forklarer altså ingenting.
Prateroboten kan motseie seg sjølv. I eitt avsnitt står det at Noreg er med i EU, mens i neste avsnitt står det at vi står utanfor.
Sjekk datoen
Dei fleste praterobotane er berre trente på data som ligg ei god stund tilbake i tid. Stiller du spørsmål om nylege hendingar, vil ein praterobot dikte opp eit svar eller svare på bakgrunn av gamle data.
Døme på dikting og gamle data
Spør du om resultatet frå ein fotballkamp som blei spelt i går, kan prateroboten "gjette" eit resultat basert på tabellen, sjølv om kampen enda heilt annleis eller blei avlyst.
Relatert innhald
Øv deg på å avsløre og vurdere kvaliteten på KI-genererte tekstar.
Sjå om du klarer å finne feil og fordommar i KI-genererte tekstar.