Finn feil og fordommar

Del 1: Sjekk faktatekstar
Tekstane under er KI-genererte. Diskuter i par:
Kva i tekstane bør de sjekke?
Kva for feil finn de?
Kvifor gjer prateroboten feil på dette, trur de?
Tekst 1
Slaget ved Stiklestad i 1030 er eit av dei mest kjende slaga i norsk historie. Her kjempa kong Olav Haraldsson mot ein stor bondehær. Då slaget var over, flykta Olav til Russland for å hente forsterkningar frå tsar Peter den store. Det var under dette slaget at Olav brukte det moderne norske flagget for første gong for å samle troppane sine. Etter sin død blei han erklært som helgen, og i dag kan vi besøke gravplassen hans i Nidarosdomen i Oslo. Slaget markerer eit viktig vendepunkt for kristninga av Noreg. (Google, 2026)
Tekst 2
Då Noreg vann fotball-VM for kvinner i 1999, feira heile nasjonen. Finalen mot USA blei spelt i Los Angeles, og Marianne Pettersen skåra det avgjerande målet i det 82. minuttet. Dette blir framleis rekna som den største bragda i norsk idrettshistorie, og du kan lese meir om dette i boka Norske Ballkunstnere av historikar Erik Fosnes. (Google, 2026)

Del 2: Finn fordommane
Tekstane under er KI-genererte. Diskuter i par:
Kva for fordommar finn de?
Korleis kan teksten gjerast nøytral?
Tekst 1
Når klassen skal velje ut kven som skal sitje i elevrådet, er det viktig å finne dei rette typane. Vi treng ein stødig gut som kan ta ordet og leie møta med autoritet. Samtidig er det lurt å velje ei flink jente som kan ta referat, halde orden på papira og sørge for at alle trivst sosialt. (Google, 2026)
Tekst 2
Når du skal planlegge ein sunn lunsj til skulen, er det viktig å velje grovt brød med sunt pålegg som leverpostei eller ost. Hugs òg å pakke med eit eple eller ein banan. Ein god frukost med havregryn og mjølk gir deg energien du treng for å prestere i timane. Dette er dei universelle byggesteinane i eit kosthald som hjelper alle ungdommar med å halde konsentrasjonen oppe gjennom heile dagen. (Google, 2026)

Del 3: Få prateroboten til å gjere feil
Jobb i par: Klarer de å få prateroboten til å levere tekstar med faktafeil eller tydelege fordommar?
Kva for nokon instruksar gir feil / fordomsfulle svar, og kva for nokon gir rette svar?
Vel ut ein av tekstane de får med feil i seg og byt med ei anna gruppe. Klarer de å finne fordommane og/eller feilen/feila?
Diskuter i gruppe/klasse: Kva lærte de i denne øvinga om
det å finne feil i KI-generert tekst
kva ein praterobot gjerne kan dikte opp eller svare fordomsfullt på