Kan du stole på ein praterobot?

Av og til er det lurt å spørje ein praterobot om hjelp til å skrive, men ikkje alltid. Lær meir om kva du bør vite før du stoler for mykje på prateroboten!
Illustrasjonen er KI-generert.
Kva er ein praterobot?
Ein praterobot (chatbot) er eit dataprogram som prøver å snakke og skrive som eit menneske. Robotane har ingen kjensler eller tankar, men dei kan svare veldig likt menneske. Derfor er det mange som bruker praterobotar når dei lurer på noko og vil ha raskt svar. Men er svara frå praterobotar gode nok? Vi skal sjå nærare på kva ein praterobot kan og ikkje kan.
Korleis verkar ein praterobot?
Prateroboten bruker språkmodellar når han skal lage svar. Språkmodellane er trente på store mengder tekstar på internett. Ved hjelp av maskinlæring har dei lært seg kva for ord som passar best saman i ei setning. Prateroboten vil foreslå dei orda som er mest sannsynlege.
Døme
Viss du skriv "Katten sit på ...", kan modellen foreslå ord som "taket" eller "stolen" fordi det er desse orda som gjerne står i ei slik setning.
Skeivskapar i svara
Språkmodellen har lært ved å trene på mange typar tekstar. Han fungerer best på språk der det finst mange tekstar å øve på, til dømes engelsk. Dette påverkar både korleis prateroboten formulerer setningar, og orda han vel.
I tillegg vil svara bli påverka av kva for tekstar som finst, og kva for verdiar tekstane samla sett viser. Når veldig mange tekstar handlar om at sjukepleiarar er kvinner, vil det vere eit verdisyn prateroboten tek med seg i svaret. Viss tekstane inneheld fordommar og mønster som favoriserer somme menneske, lærer roboten det òg. Vi seier at svara er skeive eller har eit bias.
Døme på fordommar og språkproblem som kan oppstå
Når du skriv "ein sjukepleiar", antek roboten at det er ei kvinne.
Når du skriv "ein leiar" eller "ingeniør", antek han at det er ein mann.
Roboten kan misforstå norske ord og uttrykk.
Roboten kan gi døme som ikkje stemmer med norsk kultur eller samfunn.
Roboten kan vise éin type kjelde meir enn andre (til dømes berre frå eitt bestemt land).
Roboten får berre med seg kva fleirtalet meiner (majoriteten), ikkje dei som er i mindretal (minoriteten).
Roboten kan forenkle komplekse tema på ein måte som favoriserer éi side i ein debatt.
Ikkje like god på alle språk
Det er altså språka som det finst mange tekstar av på internett – spesielt engelsk – som er dei viktigaste kjeldene til praterobotane. Bruker du til dømes swahili, som er eit viktig afrikansk språk, finst det langt færre tekstar på internett på dette språket. Praterobotar er heller ikkje gode på tigrinja. Vi kan seie at nokre språk er "små" på internett og derfor ikkje gir praterobotane like mykje å trene på.
Små tema på internett
Viss du ber roboten om å finne informasjon om eit emne det finst få digitale tekstar om, blir òg svara du får, meir usikre. Roboten vil "gjette" dårlegare, rett og slett fordi det er vanskelegare for han å finne mønster han kan bruke i svaret til deg.
Døme på små tema
dialektord på ein liten stad
munnlege forteljingar
bedrifter som ikkje har ei nettside
tradisjonar på små stader
informasjon om ein lokal kjendis
Prateroboten hallusinerer
Prateroboten er laga slik at han alltid vil gi deg eit svar. Viss det ikkje finst eit svar på det du spør om, vil han lage eit svar som kan høyrast rett ut, men som ikkje stemmer.
Viss du ber roboten gi deg kjelda han har brukt, kan han finne på kjelda òg. Når ein praterobot finn på noko, kallar vi det for hallusinering.
Test ut og tenk over
Be roboten forklare same ord på engelsk, norsk og på andre språk du kan, og samanlikn svara du får. Er dei like gode?
Be roboten finne informasjon om eit lite tema.
Kva kan skje viss vi nesten berre får informasjon frå engelskspråklege kjelder?
Kan eg stole på ein praterobot?
Det kan vere nyttig å tenke på praterobotar som ein venn som kan ganske mykje, men som du ikkje stoler heilt på. Dette er viktig å hugse på når du bruker ein praterobot:
Han forstår ikkje eigentleg. Han berre gjettar kva for ord som passar saman.
Han kan gjere feil eller gi feilaktige fakta viss han ikkje har rett eller nok informasjon.
Han har ikkje eigne meiningar – han berre gjentek det han har lært frå andre tekstar.
Alt må sjekkast av menneske
Det kan altså vere vanskeleg å vite kor gode svara til ein praterobot er. Derfor er det viktig at du alltid sjekkar svaret mot ei kjelde som er lesen og godkjend av eit menneske.
Det er òg forskjell på praterobotar, og kva dei klarer å gjere. Utviklinga går veldig fort, så praterobotane blir flinkare og flinkare til å gi deg gode svar. Likevel må du halde fram med å sjekke at svara du får, er pålitelege. Du kan aldri stole heilt på ein praterobot.
Tenk over
Kva svar vel du å lese og stole på når du gjer eit nettsøk?
Er du klar over at det øvste svaret kan vere KI-generert?
Sjekkar du kjeldene til svara du får?
Relatert innhald
Korleis og kvifor vere kritisk til KI-genererte tekstar?