Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Knausgårds klimaappell

Korleis reagerer du eigentleg på klimakrisa? Gir du blaffen? Eller kanskje du er ein av dei som går til kamp? Nokon blir fulle av angst, medan andre prøver å oversjå alle nyheiter fordi dei føler seg makteslause. Forfattaren Karl Ove Knausgård gjer det siste.

Del 1. Klimahaldningane til klassen

  1. Kva kjensle sit du med når du les eller høyrer forferdelege nyheiter om korleis menneske er i ferd med å øydeleggje jorda? Skriv ned eitt ord du meiner beskriv denne kjensla.
  2. Vis eller les opp det de har skrive for klassen, ein etter ein. Skriv opp alle orda på tavla.
  3. Diskuter i klassen: Viser orda på tavla heilt ulike reaksjonar, eller går dei i same retning? Kan nokon grunngi kvifor dei kjenner det dei gjer?
  4. Bør Noreg slutte å bore etter olje? Rekk opp ei hand om du meiner "nei", to hender om du meiner "ja", og hald hendene i ro om du ikkje har noka meining.
  5. Diskuter: Kvifor tenkjer og føler menneske så ulikt om klimaforandringar, trur de?

Del 2. Grenselaus

Sjå videoen "Grenseløs – klimaarven" frå NRK Urix fram til 02.30 og skriv ned 4–5 setningar om dette:

  1. Kva kjensler vil de seie pregar ungdommane som blir intervjua her?
  2. Kan de kjenne dykk igjen i reaksjonane deira?

Del 3. Appellen til Knausgård

Under den store Vendepunkt-demonstrasjonen i Oslo laurdag 2. september 2017 heldt den verdskjende norske forfattaren Karl Ove Knausgård ein klimaappell.

Les appellen til Karl Ove Knausgård på Forfatternes klimaaksjon.

Her kan du sjå og høyre delar av Karl Ove Knausgård sin appell frå nyheitssendinga til NRK.

Tekstforståing

  1. Start med å lese innleiinga, det første avsnittet. Kvifor trur du Knausgård startar teksten sin på denne måten? Kva ønskjer han å fortelje?
  2. Korleis bruker forfattaren i det første avsnittet? Kom med døme frå teksten og reflekter over kva slags verknad dette har.
  3. I teksten bruker Knausgård ein del tematiske motsetningar: enkelt – komplisert, konflikt – samhald, maktesløyse – handlekraft. Prøv å "sortere" delar av teksten inn i dei ulike tema-para. Korleis vil du oppsummere bodskapen hans no?
  4. Teksten skiftar tone etter spørsmålet "Så kvifor vil alle dei største partia på Stortinget byggje ut nye oljefelt?" Korleis då? Og kven meiner Knausgård har skulda for norske klimautslepp?
  5. Knausgård fortel om sin eigen reaksjon på nyheiter om klimakrisa. Kva for ord bruker han om kjenslene sine?
  6. Kva for nokre menneskelege "brestar" peikar Knausgård på, som kan gjere det vanskeleg å unngå forverring av krisa?
  7. Heilt mot slutten endrar den nedslåande tonen seg til råd til befolkninga om kva vi kan gjere for å endre utviklinga. Kva er bodskapen til Knausgård?

Vurder teksten

Gå saman i grupper og diskuter:

  1. Korleis meiner de denne talen fungerer som appell? Om de meiner det er ein god tale, grunngi ved å vise til tekstdøme, og korleis han påverka deg då du las han. Om du meiner han er dårleg, grunngi kvifor ved å vise til tekstdøme.
  2. Vurder Knausgård sitt etos. Knausgård er ein verdskjend forfattar, men ingen klimaekspert. Vurder både Knausgård sin innleiande og avleidde etos. Grunngi. Om du er usikker på korleis du skal vurdere etos, bør du lese gjennom sida "Å vurdere truverd", som du finn som relatert artikkel nedst.
  3. Diskuter i gruppa: Vil de seie at denne appellen taler mest til hovudet (logos) eller hjartet (patos)? Grunngi ved å vise til tekstdøme.

Del 4. Skriv sjølv

Knausgård seier i appellen sin:

Vi er mennesker og vi tenker først på vårt eget beste, og på det beste for våre nærmeste. Det er menneskelig å være egoistisk, det er menneskelig å være grådig, det er menneskelig å ville ha det bra her og nå. Og det er menneskelig å ville snu seg vekk fra det forferdelige.

Skriv ein kort tekst, gjerne ein appell, der du tek standpunkt til desse premissane. Er det vanskeleg for oss menneske å forandre klimakrisa på grunn av desse negative eigenskapane? Eller meiner du at mennesket er betre enn Knausgård beskriv over, og at det dermed er framtidshåp?

Del 5. Når motsetningar møtest

  1. Finn to i klassen som meiner det motsette: ein som meiner vi menneske er ynkelege, og ein som meiner det er håp for oss fordi menneske har gode eigenskapar. Dei to les bidraga sine høgt i klassen.
  2. Avslutt med klassediskusjon: Kan appellar bidra til å løyse klimautfordringar? Kjenner de andre appellar om klima?

Relatert innhald

Kva det er som gir eller tar frå ein person truverd i ei sak? (I retorikken kalla etos).

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020

Læringsressursar

Retorisk analyse