Øving
Argumentasjon og retorikk – kva kan du?
Veit du svara på spørsmåla nedanfor? I så fall har du arbeidd godt med kapittelet om argumentasjon!
- Kva vil det seie å argumentere?
- Forklar omgrepa standpunkt, argument og premiss.
- Kva for tre krav bør vi stille til faktaargument?
- Vi skil mellom open og skjult argumentasjon. Kva er forskjellen mellom dei to argumentasjonsformene?
I retorikken eller talekunsten bruker vi omgrepa etos, logos og patos i staden for open og skjult argumentasjon.
- Kva ligg i dei tre omgrepa?
- Kva for eit omgrep svarer til den opne argumentasjonen?
- Kva for omgrep svarer til den skjulte argumentasjonen?
Når vi trekkjer logiske slutningar, set vi opp premissar og trekkjer konklusjonar på grunnlag av dei. Gje eit døme på
- ei god logisk slutning
- ei dårleg logisk slutning
Jobb saman i grupper.
De jobbar i reklamebyrået Triks & Knep. Ei bedrift har kontakta dykk og ønskjer at de skal lage ein reklameplakat eller ein reklamefilm for produktet dykkar.
- Lag reklamen! Lag eit fiktivt produkt som de prøver å selje ved å bruke mange ulike verkemiddel som speler på patos.
- Vis reklamane for resten av klassen. La medelevane dykkar analysere sluttproduktet.
- Avslutt med å kåre det beste reklamebidraget i klassen.