Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med filmen Ordets makt

Filmen Ordets makt handlar om kunsten å overtyde andre ved bruk av retorikk. Med utgangspunkt i filmen skal du i desse oppgåvene utforske korleis dei retoriske appellformene kan brukast i argumentasjon.

Filmen Ordets makt

I filmen Ordets makt ser vi korleis hovudkarakteren, studenten Neila Salah, øver seg i retorikk og gradvis utviklar seg til å bli ein trygg og god talar.

Med utgangspunkt i døme frå filmen skal du jobbe med dei retoriske appellformene og reflektere over kva du sjølv synest er det viktigaste i argumentasjon.

Filmen varer i 1 time og 30 minutt, og vi tilrår at du ser denne før du byrjar å jobbe med oppgåvene.

1. Etos, logos og patos

  1. Gjer greie for dei tre appellformene i retorikk: etos, logos og patos.

  2. Beskriv korleis høvesvis professor Mazard og Neila bruker appellformene i desse klippa frå filmen:

    1. Klipp 1 frå Ordets makt: Første forelesing

    2. Klipp 2 frå Ordets makt: Retorikk-konkurransen

2. Retorisk øving

  1. Vel deg ut ei eller fleire av desse meiningane og argumenter for eller imot. Bruk det du kan om etos, logos og patos når du bygger opp argumenta dine.

    1. Noreg må slutte å vinne ut olje no!

    2. Mobilfri skule er til det beste for elevane!

    3. Det går ikkje an å leve utan sosiale medium!

3. Neilas utvikling

Skriv ein tekst der du vurderer Neilas utvikling som talar utover i filmen. Teksten skal innehalde beskrivingar av korleis ho forandrar bruken sin av dei retoriske appellformene over tid.

Kom med konkrete døme frå filmen.

4. Refleksjonsoppgåver

  1. Kva situasjonar og/eller karakterar i filmen framhevar betydninga av at det viktigaste i argumentasjon er å ha rett?

  2. Kan du gi døme frå filmen der karakterane får gjennomslag for meiningane sine, sjølv om dei objektivt sett ikkje har rett? Korleis bruker karakterane i desse scenane retorikk for å påverke andre?

  3. Reflekter over kva du sjølv meiner er det viktigaste i argumentasjon. Er det å ha rett, vere forståingsfull, verke empatisk, eller er det noko anna? Utdjup svaret ditt med døme frå filmen og eigne erfaringar.

CC BY-SASkrive av Anne Cathrine Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.02.2024

Læringsressursar

Retorisk analyse