Å lese som ein detektiv (vg1)
Kva er det eigentleg du skal gjere når du blir beden om å analysere ein tekst og bruke fagomgrep frå retorikken? I vg1 bør du kunne skrive om
etos, patos og logos
formålet med teksten
avsendar og mottakar
kontekst
aptum
kva som er formålet med den retoriske teksten
kven som er målgruppa/mottakar til teksten
korleis avsendaren prøver å påverke mottakaren
kvifor avsendaren vel akkurat dei orda hen gjer for å nå fram med bodskapen sin
Metoden du skal bruke er å tenke som ein detektiv: Målet ditt er å undersøke språket nøye – som ein detektiv granskar spor i ei kriminalsak. Du skal lese teksten for å "avsløre" avsendaren.
I denne oppgåva skal du sjå på ein YouTubevideo av Lan Marie Berg frå Miljøpartiet Dei Grøne. Under følger oppgåver som skal hjelpe deg til å tenke som ein detektiv. Under oppgåvene vil du finne hint – viss du skulle trenge litt hjelp til å løyse dei.
Sjå videoen med Lan Marie Berg og skriv ned det du meiner er formålet med den samansette teksten.
Kven meiner du er målgruppa til teksten?
Samanlikn med dei andre i klassen og prøv å bli einige i plenum om kva som er formålet.
Sjå på videoen minst ein gong til og skriv ned korleis avsendaren, Lan Marie Berg frå Miljøpartiet Dei Grøne, prøver å nå fram med bodskapen sin med ord og bilete.
Bruk fagomgrep om dei verkemidla som blir brukte i videoen. Samanlikn deretter med dei andre i klassen. Har de lagt merke til det same?
Diskuter korleis formål og ordval heng saman i teksten. Altså: Kvifor har Lan Marie Berg brukt akkurat desse orda for å påverke deg?
I mai 2021 blei Sylvi Listhaug valt til ny partileiar i Framstegspartiet. Like etterpå la Frp ut videoen Bli kjent med Sylvi Listhaug på YouTube-kanalen sin. No skal de først granske videoen, for deretter å legge fram resultatet dykkar for resten av klassen.
Jobb i grupper
Kva er formålet med denne videoen? Diskuter i grupper.
Kven er målgruppa?
Undersøk svara til Sylvi Listhaug med "forstørringsglas". Kvifor trur de ho fortel om akkurat desse sakene og bruker nettopp dette ordvalet?
Legg fram for klassen
Legg fram funna dykkar for klassen. Bruk nærlesinga av Listhaugs ordval som bevis i klassen. Sjå for dykk presentasjonen som ei avsløringssak. De kan bruke desse frasene:
"Sylvi Listhaug, du er avslørt."
"Det du eigentleg vil, er å ..."
"Årsaka til at du seier ...., er at du ønsker å ..."
"Du bruker orda ... for å ..."
Under ser du den unnskyldninga som blei mest kjend i året 2020. Den blei publisert av skistjerna Petter Northug etter at han blei teken for å køyre for fort 14. august 2020. Unnskyldninga publiserte han på Instagram-kontoen sin:
Jeg har gjort en stor feil. I går kveld ble jeg stoppet av politiet i fartskontroll. Jeg kjørte altfor fort og ble også tatt med på legevakten til blodprøve. I tillegg fant politiet en mindre mengde narkotika hjemme hos meg. Det dreier seg om kokain. Jeg er fortvilet og redd for hva fremtiden vil bringe og utrolig lei meg for alle de som jeg nå har skuffet, igjen. Jeg vet at det nå blir en straffesak. Da skal jeg ta ansvar for det jeg har gjort.
Petter Northug på Instagramprofilen sin 14. august, 2020
Diskuter først dei tre "detektiv-spørsmåla i klassen":
Kva er formålet med den retoriske teksten til Petter Northug?
Kven er målgruppa?
Korleis prøver Petter Northug å påverke mottakaren?
Kvifor vel Northug akkurat dette ordvalet for å påverke mottakaren?
Les den vedlagde modellteksten og marker alle delar av teksten der det blir gjort godt "detektivarbeid". Det vil seie dei delane som peikar på korleis ordvalet i teksten til Northug skal påverke avsendaren i ei viss retning.
Samanlikn notata dykkar i klassen og diskuter om det har blitt gjort eit grundig og godt detektivarbeid i denne teksten.
Diskuter modellteksten i klassen: Kva gjer dette til ein god retorisk analyse? Kva kunne vore gjort annleis for at han skulle vore endå betre?
Filer
Skriv ein kort retorisk analyse på 500–800 ord av anten Lan Marie Berg eller Sylvi Listhaug sine retoriske tekstar.
Tips!
Du kan laste ned modellteksten og opprette ein tredje kolonne i tabellen. Skriv analysen din inn i denne kolonnen. Sjå på modellteksten og tipsa for å få hjelp til struktur og gode formuleringar.