Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser ein reklameannonse

Studer og analysér denne annonsen frå Lerum. Bruk omgrep frå retorikken.
Reklameannonse for Lerum eplejus. Illustrasjon.
Skildring av annonsen

Reklameannonsen for Lerums eplejus er ein heilsides annonse. Han viser eit nærbilete av ein juskartong på eit bord. Juskartongen er plassert midt på sida, og det ligg store grøne eple til venstre og høgre for han.

Som bakgrunn er det lagt inn eit landskapsbilete av eit fjordlandskap med grøne enger og skogar og snødekte fjelltoppar rundt. Bakgrunnsbiletet er noko uskarpt, mens kartongen og epla i framgrunnen er avbilda klart og tydeleg.

Juskartongen i framgrunnen er kvit, med eit svakt, uregelmessig mønster som etterliknar vanndropar. Midt på kartongen er det eit bilete i høgdeformat som viser to–tre friske, lysegrøne og fuktige eple i framgrunnen og ein fjord og snødekte fjell i kalde blåfargar i bakgrunnen.

Epla dekker omtrent halve biletet. Tvers over biletet står ordet "Lerums" skrive med store bokstavar og ein skrifttype som etterliknar pen, litt gammaldags handskrift. I det øvre venstre hjørnet av biletet er det lagt inn ein raud trekant, og i denne trekanten står teksten "Nytt design" med kvit skrift og versalar.

Til høgre og venstre over juskartongen er det plassert to korte tekstar. Skrifta er kvit og liknar på ei personleg handskrift. Teksten til venstre er skriven med versalar og lyder "Ny pakning". Ei kvit pil peiker ned mot toppen av kartongen. Der står det skrive "Lerums eplejus" med svart skrift i ein enkel, vanleg font.

Teksten til høgre over kartongen er halden i vanleg skriveskrift og lyder "Laga av folk som ikkje e eplekjekke". Også her er det ei kvit pil under teksten som peiker mot det øvre høgre hjørnet av kartongen. Der står logoen til produsenten Lerum. Logoen er ein raud oval med namnet Lerum inni. Namnet er skrive med kvite bokstavar og handskriftsliknande font.

Nedst i annonsen er det plassert to tekstelement. Til venstre står brødteksten til annonsen, skriven med nokså lita svart skrift og heilt vanleg skrivefont. Brødteksten lyder: "I saftbygda i Sogn har me vore særs opptekne av frukt og bær i over 100 år. Då er det kanskje ikkje så rart at produkta frå Lerum blir så gode. Eplejusen vår er laga av den finaste frukta, som er pressa når ho er på sitt aller beste. Prøv vår friske eplejus i ny pakning, kanskje du får litt frukt på hjernen du og."

Nedst til høgre står logoen til Lerum, og rett under logoen står det ein liten tekst med svart skrift: "Frukt og bær på hjernen i over 100 år".

Oversikt over teksten

Den retoriske situasjonen: Kven seier kva til kven, kvar, når, korleis og kvifor?

  • Kva for ein sjanger er dette?
  • Kvar finn vi til vanleg denne typen tekst?
  • Kva er formålet med teksten?
  • Kva er produktet som skal seljast?
  • Kva for ein egenskap ved produktet er det annonsen fokuserer på? (Kjøp Lerum eplejus fordi ...)
  • Kva er målgruppa for annonsen?
  • Finn informasjon om sendar på Internett (lerum.no). Kva produserer bedrifta? Kvar held ho til?

Nærlesing

Beskriv dei enkelte delane annonsen er sett saman av.

Hovudbiletet

  • Kva er blikkfanget?
  • Kva er plassert i framgrunnen?
  • Beskriv bakgrunnen. Kva viser han?

Tittel (overskrift)

  • Kva kan seiast å vere overskrifta i annonsen?
  • Kva slags informasjon gir ho?
  • Kva slags tone skaper ord og skrifttypar i overskrifta?

Brødtekst

  • Kvar er han plassert?
  • Kva for ei målform er brukt?
  • Kva slags faktainformasjon gir brødteksten?
  • Kva slags lovnader gir han? (Ta også med teksten nedst på juspakninga.)

Logo og slagord

  • Kor mange gonger er Lerum-logoen teken med i annonsen?
  • Kva er slagordet til Lerum?
  • Kva slags inntrykk av sendar gir slagordet?

Fargebruk

  • Kva for ein farge er den mest iaugefallande i annonsen?
  • Kva for informasjon er det som blir framheva ved hjelp av denne fargen?
  • Kva fargar er det mest av i annonsen? Er fargane svale eller varme, duse eller friske?

Argumentasjonen i annonsen

Undersøk korleis bilete, tekst og grafiske verkemiddel er brukte for få sendar til å framstå som truverdig, for å gi saksinformasjon og for å appellere til kjenslene hos lesaren.

Etos: truverdet til sendar

  • Korleis prøver sendar å framstå i annonsen?
  • Korleis er tekst, bilete og grafiske verkemiddel med på å skape dette inntrykket av sendar?

Logos: direkte argumentasjon

  • Kor mange etterprøvbare fakta finn vi i annonsen?
  • Kva er påstandar som vi ikkje kan etterprøve?
  • Kva kan få oss til å godta påstandane likevel?

Patos: appell til kjenslene

  • Kvifor er produktet plassert saman med friske eple?
  • Kva skal landskapet som blir vist i bakgrunnen, fortelje om vara?
  • Kvifor blir motivet vi ser på hovudbiletet gjenteke også på juskartongen?
  • Korleis bidreg fargevalet i annonsen til å understreke bestemte eigenskapar ved produktet?
  • Kva for språklege verkemiddel bruker sendar for å skape eit positivt inntrykk av produktet?

Oppsummering

  • Kva slags argumentasjon finn du minst av?
  • Kva for argumentasjon dominerer?
  • Er argumentasjonen i annonsen gjennomarbeidd slik at både tekst, bilete og grafiske verkemiddel formidlar ein eintydig og verknadsfull reklamebodskap? Med andre ord: Er annonsen vellykka, retorisk sett?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019

Læringsressursar

Retorisk analyse